Granberg blei Årets bedrift
Hanskeprodusenten frå Bjoa blei kåra til Årets Bedrift på NæringsGiv på Olalia 12.mai.
Prisen blei delt ut av Fikse Næringsforening med samarbeidspartnarar Haugesund Sparebank, Sparebank 1 SR-Bank Ølen og Etne Sparebank.
- Mykje har kome litt gratis, men det var og ein del vanskelege beslutningar å ta undervegs. Men det kunne gått endå betre faktisk, om me hadde vore litt meir modige. Men det gjekk bra likevel, sa Ole Marthon Granberg då han takka for prisen.
I juryen si grunngjeving heiter det:
Årets Bedrift har vore ein sentral aktør i både nasjonal og internasjonal marknad i mange år. Bedrifta har spesialisert seg på produkt som er avgjerande viktige for ei rekke bransjar.
Bedrifta har behalde sitt hovudkontor i her i distriktet, medan selskapet har utvida verksemda si til stadig nye land og verdsdelar.
Gjennom dei siste åra med korona-krise og pandemi, har bedrifta forankra sin posisjon som leiande i sin bransje, og har opplevd imponerande vekst.
Nok ein gong er det hardt arbeid, unik fagkunnskap og vilje som har bidrege til å løfta bedrifta til nye høgder.
Årets bedrift har gjort seg internasjonalt bemerka for høg kvalitet, innovativ teknologi og produktutvikling. Bedrifta har i fleire år henta heim bransjen sin eigen «Oscar-pris» for produkta sine.
Dei er oppvaksne på landsbygda i Noreg, men har heile kloden som marknadsplass. Dei sørger for at flittige hender verda over kan gjera jobben sin, på tryggast og beste vis.
Årets bedrift er Granberg As.