Gir til lokalsamfunnet


Målet med fondet er å støtte opp om aktivitetar og organisasjonar i lokalsamfunnet, for å inspirere til meir vekst og utvikling. I år har FAU ved Sandeid skule fått 120 000 kroner til ny aktivitetspark på skulen, Vindafjord Hagelag har fått 5000 til å ruste opp badeplassen i bygda og Motorcrossgruppa i NMK Vikedal har fått 25.000. I tillegg er den kommunale badeplassen i Sandeid rusta opp for 110 000 kroner dette året.

– Me ynskjer å bidra til ei god utvikling i lokalsamfunnet. Fondet heiter Aktiv, og me skal nettopp bygge opp under aktivitet og allmenn-nyttige formål, som gjerne bidreg til ein betre kvardag for barn og unge, seier dagleg leiar i AdmMit, Jon Nielsen.

Fondet starta opp i 2020, men på grunn av pandemien vart det vanskeleg å dele ut alle gåvene fysisk.

–  Desse har jo fått pengane på konto for lenge sidan, men no fekk me og til å treffe mottakarane, det var fint, seier Nielsen.

Alle lag og organisasjonar kan søkje, så lenge dei ynskjer å skape noko positivt for lokalsamfunnet. Fondet har ingen søknadsfrist, her  vil søknadane bli vurdert etter kvart.

 – I følgje statuttane har me eigentleg ei ramme på 100 000 me kan dele ut i året, men me valde å gå ut over denne då me vurderte søknadene så gode, seier han.

– Det er jo kjekt å kunne gi noko tilbake til bygda og kommunen der me held til, ein må jo bidra viss ein ynskjer levande bygder, meiner Jon Nielsen.


Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details