Gir råd om Skattefunn


Kjell Larsen i Tveit Regnskap gir råd om Skattefunn 10. april.  Foto: Tveit Regnskap

Sidan 2002 har norske bedrifter hatt moglegheit til å søka om skattefrådrag på forskings- og utviklingsprosjekt (FoU) gjennom Skattefunn-ordninga. 

Men kva skal eigentleg til for å søka? Og kva er viktig å hugsa på i søknadsprosessen?

Hurtiginnføring i Skattefunn 

  • Kjell Larsen informerer om Skattefunn: Kven kan søka og kva er viktig å hugse på?
  • Tid: onsdag 10. april, kl. 12.00 - 13.00
  • Stad: Medvind24 Næringshage
  • Kurset på Facebook

Onsdag 10. april kjem leiar for rådgiving i Tveit Regnskap, Kjell Larsen til Medvind24 Næringshage for å gi ei hurtiginnføring i Skattefunn-ordninga. Han gir informasjon om kven som kan søka, kriteria for søknaden og gode råd for korleis søkarar skal gå fram. Samstundes gir han også nokre døme på lokale Skattefunn-prosjekt, tal og fakta frå vår eigen region. 

Ved godkjente prosjekt kan små- og mellomstore bedrifter få 20 prosent av prosjektkostnadane som skattefrådrag, medan store bedrifter kan 18 prosent. 

Mange lokale bedrifter har dei siste åra fått godkjente søknadar gjennom Skattefunn.

Kva er Skattefunn?

  • Ei rettighetsbasert skattefrådragsordning, som skal motivera norske bedrifter til å auka satsinga si på forsking og utvikling 
  • Gjennom Skattefunn kan små og mellomstore bedrifter få 20 prosent av prosjektkostnadane som skattefrådrag gjennom skatteoppgjeret. Store bedrifter kan få 18 prosent frådrag av prosjektkostnadane. 
  • Skatteetaten vurderer og avgjer bedrifta sitt innsende krav om skattefrådrag for Skattefunn-prosjektet, basert på revisorattesterte kostnadar knytta til godkjende og gjennomførte aktivitetar i prosjektet. 
  • Søknadar til Skattefunn omfattar alle fagområde, men må fokusera på å utvikla ei ny eller forbedra vare, teneste eller produksjonsprosess som er til nytte for bedrifta. 
  • For å søka Skattefunn, må bedrifta vera skattepliktig til Noreg. Det er ikkje eit krav at bedrifta faktisk betaler skatt. Bedrifter som ikkje er i skatteposisjon, får støtta utbetalt frå Skatteetaten gjennom skatteoppgjeret. 
  •  Skattefunn blir administrert av Norsk forskningsråd i samarbeid med Skatteetaten 

Les meir:

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details