Gaselle-nykommar i IT

Vekst var aldri eit mål i seg sjølv for Jarle Ljosnes. Likevel har JHL AS tripla både omsetning og resultat dei siste åra. Det har gitt IT-bedrifta i Ølen Gaselle-status.



- Det har aldri slått meg at det var ei liste eg kunne hamna på. Eg er uerfaren Gaselle og medlem av Snapchat-generasjonen, og då brevet om Gaselle-statusen kom, var min første tanke: «Kva tekst skal eg skriva på den Snap-storyen…?» Det blei «Forbes Next». Det er viktig å setja seg nye mål raskt, spøker Jarle Ljosnes i JHL AS.

Jarle Ljosnes starta eige firma som 15-åring og har levert tenester som IT-konsulent sidan. Nå er JHL AS blitt Gaselle-bedrift. Grunnen til den gode utviklinga? - Trufaste kundar, hardt arbeid og næringslivskulturen i Vindafjord, seier Ljosnes.   Foto: Ellen Marie Hagevik/Medvind24.no

Han starta eige firma som IT-konsulent allereie som 15-åring, og leverer i dag eit breitt spekter tenester innan IT til kundar hovudsakleg på Haugalandet. 

I oktober kunne han kvittera med Gaselle-status for første gong, og er i godt lag som  ein av fire Vindafjord-bedrifter på årets liste: Autostore, Arriva Shipping, Terjes Vindu og JHL AS. 

Trufaste kundar og hardt arbeid 

Kriterier for å bli Gaselle:

For å bli Gaselle må bedrifta

  • ha levert godkjende rekneskap
  • ha dobla omsetninga over fire år 
  • ha ei omsetning på over ein million kroner første år 
  • ha unngått negativ vekst 
  • ha positivt samla driftsresultat 
  • vera eit aksjeselskap

Kåringa av gasellene blir gjort på grunnlag av rekneskap frå dei siste fire åra, og ei vurdering av selskapet, veksten, lønnsemda, revisorberetning, kredittmerknadar og andre relevante faktorar.

Dagens Næringsliv har sidan 2003 kåra Gaselle-bedrifter, basert på økonomisk utvikling dei fire siste rekneskapsåra. Blant kriteria for å bli Gaselle er ei dobling av omsetninga over dei fire siste åra. 

Slik sett fylte Ljosnes kriteria allereie i 2015, etter ei dobling frå litt over millionen i 2013 til 2,4 mill i 2015. Og utviklinga har halde fram. I dag omset selskapet for meir enn tre millionar årleg. 

Årsaka til den gode utviklinga er utan tvil ein trufast kundebase, seier Ljosnes. Og ikkje ratt lite eigeninnsats. 

- Eg har trufaste og gode kundar som også gjer det svært godt. Difor har dei hatt behov for tenestene eg leverer, og veksten i JHL hadde ikkje vore mogleg utan dei. Og som dei fleste andre Gaselle-bedrifter heilt sikkert kan skriva under på, er også hard jobbing ein tungvegande årsak til utviklinga. Det har blitt ein del arbeidstimar. 

Ny «avdeling» i India 

Sidan oppstarten i 1999 har Jarle Ljosnes vore einaste tilsett i eiga bedrift. Men nå har han dobla staben og tilsett ny utviklar. Med kontoradresse i India. 

Tapesh Mehta blei tilsett i JHL i oktober. 

 - I IT-bransjen kan store delar av jobben gjerast uavhengig av kor du sit i verda. Og fagfolk innan utvikling rek ikkje akkurat arbeidsledige her i området nå for tida. Tapesh er ein full-stack utviklar som har vore med på ulike prosjekt i JHL sidan 2016. Han held til i India og skal hovudsakleg jobba med tenester rundt programmering. Kort fortalt kan han utvikla det som brukaren ser og brukar i ein applikasjon, og alt som ligg bak i kulissene, som brukaren ikkje ser, fortel Ljosnes. 

Utvidinga av arbeidsstokken er først og fremst for å ta unna prosjekt med behov for meir ressursar, men også for å ha nokon å sparra med rundt framtidige leveransar. Han ser ikkje bort i får at selskapet kan veksa ytterlegare i antal tilsette dersom den rette dukkar opp. 

- Utgangspunktet mitt er at det skal finnast ei løysing for alle utfordringar kundane har. Alt går, og dersom JHL ikkje kan levera må me finna nokon som kan, og eg spelar gjerne på lag med andre for å levera det kunden ønskjer. Målet har aldri vore vekst i seg sjølv, men dersom behovet melder seg eller det dukkar opp eit smart hovud som kan være interessert, så kan me blir fleire, seier Ljosnes.

Veks med Vindafjord-kulturen 

Vindafjord-Gaseller 2017

Bedrift Omsetning Vekst
JHL AS
Nykommar på lista
3 mill. 150 %
Terjes Vindu AS
Nykommar på lista
7,4 mill.  252 %
Autostore AS
Gaselle for tredje gang
558,1 mill.  194 %
Arriva Shipping
Gaselle for andre gang
273,5 mill. 221 %

JHL sin kundemasse har halde seg stabil, og mange av dei har vore med han sidan starten i 1999. I løpet av eit gjennomsnittleg år har Ljosnes mellom 50-60 aktive kundar, som kjøper konsulenttenester av i varierande omfang. 

Kundane er alt frå små einmannsføretak til nokre av dei største selskapa i Vindafjord. 

- Hjå enkelte har eg alt av IT-løysingar, frå teknisk til applikasjon, medan andre er det meir eit spesifikt type oppdrag. Tenestene kan vera alt frå enhets- og applikasjonsdrift, utvikling av skreddarsydde løysingar, automatisering av prosessar, web og mobilløysingar, rapportering og BI, skyløysingar og rådgiving. For å nemna noko. 

Sjølv om kundane er spreidde på heile Haugalandet, er storparten lokaliserte i Vindafjord. Noko som i seg sjølv har vore ein av årsakene til suksessen, meiner Ljosnes. 

- Det å driva bedrift i Vindafjord er ein motivasjon i seg sjølv. Her lukkast både store og små. Næringslivet her har ein veldig god kultur for å heia på og bruka kvarandre sine tenester, noko JHL som lita bedrift, også opplever og har vakse på, seier Ljosnes. 



Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details