På dagen to månadar etter at dei starta arbeida ved Hiksdalsvegen i Ølen vart dei siste trea og greinene felte på Mæland i Etne.
- Me starta med eit kurs i bruk av motorsag den 15. august, og to dagar seinare var den første gjengen i gong med skoging og kvisting frå Hiksdalsvegen, fortel Leif Grindheim, som har tatt på seg å leia prosjektet.
Samarbeidsprosjekt og nye oppdrag
Opplegget er eit samarbeid mellom Vindafjord Turlag, som initiativtakar og pådrivar for å opne gamlevegen for allmenn ferdsel, Grindheim sitt selskap Legria AS og NAV.
Både Grindheim og deltakarane er godt nøgde med at dei no er ferdige med sin del av dette prosjektet. Det er ikkje utenkeleg at det kan bli fleire nye prosjekt.
- Turlaget har jo fleire prosjekt på gang mellom bygdene i Vindafjord, og grendeutvalet i Ølen har planar om ei turløype langs Oselva. Der er det ein del skog som må fellast og ryddast, og no har me jo ein fin gjeng med god erfaring frå slikt arbeid, seier Grindheim.
Trea som er felte har gjengen delt opp i passelege stokkar, som dei av grunneigarane som er interesserte har fått til ved. Resten skal gjengen sjølve skjera opp og kløyve til ved til eige bruk eller sal til andre som treng han.
Kjell Skrunes er godt i gong med opparbeiding og grusing av gamlevegen. Frå Ølen kan ein no ta seg fram på flott turveg heilt til Fikse.