Måndag i denne veka var Fylkesutvalet i Rogaland på synfaring for å gjera seg betre kjend med områda der ein er usamde, og lytte til synspunkt frå kommunen.
- Det kan godt vera at dei kjem til same konklusjon, men då har dei iallfall høyrt og sett kva me meiner, seier ordførar Ole Johan Vierdal etter at han har vist utvalet rundt i bygdene våre.
Turen starta i Skjold, gjekk via Vikebygd og Bjoa til Ølensvåg. Der la Vierdal inn eit spontanbesøk i Medvind Næringshage.
- Det var nyttig å få vist dei næringshagen og kva ein har fått til der med den støtta ein har frå fylkeskommunen, og ikkje minst få treffa nokre av dei mange bedriftene og driftige folka som står bak knoppskytinga i kommunen.
Ordføraren fekk og vist fram aktuelle område i Ølen, Sandeid og Vats før utvalsmedlemmene reiste heim kvar til sitt.