Frukost, Folk & Føretak
- Kvar: Fugl Fønix Hotel, Etne
- Når: 18. september, kl 08.00-09.00
- Kva: Nettverking, møte ny kommunedirektør, kommunalsjef for utvikling og drift, og leiar i Fikse Næringsforening. Innspel til arbeidet kommunen, Medvind Næringshage og Fikse Næringsforening gjer.
- Påmelding: her
Fredag 18. september inviterer Fikse Næringsforening og Medvind Næringshage bedrifter i Etne og Skånevik til uformell samling frå kl 8-9. På programmet for "Frukost, Folk & Føretak" står blant anna introduksjon av ny kommunedirektør Bjørn Tollefsen, kommunalsjef for utvikling og drift Hans Erik Lundberg, og ny leiar i Fikse Næringsforening Nils Einar Steinstø.
- I tillegg blir det ei kort innføring i korleis søke ekstraordinære midlar i forbindelse med Covid-19 og me ønskjer innspel på kva me i støtte- og verkemiddelapparatet kan gjere for å bistå enno meir, fortel dagleg leiar i Medvind Næringshage, Merete Vårvik Matre.