Nå blir det liv i blomsterbutikken i Skjold igjen

Fem år etter at Hilde Sandbekken opna sin kombinerte kafe- og interiørbutikk i Skjold, pustar ho liv i den gamle blomsterbutikken i Skjold. I dag opnar ho dørene til sitt siste konsept; Frøken Fryd Blomar og Gåver.


- Eg har eit femårsperspektiv på det meste ved forretningen min. I september hadde me femårsjubileum, så eg tenkte det var på tida å prøva seg med ein tredje avdeling av Frøken Fryd. Blomar er ein del av interiøret i heimen det også, difor var ein blomsterbutikk ei ganske naturleg utviding av konseptet vårt. I tillegg ønska me å skapa liv i lokala her igjen, seier Sandbekken. 

Tysdag kl. 15.00 opnar ho dørene til nye Frøken Fryd Blomar og Gåver i Skjold, i det som også tidlegare har vore blomehandel i nabolokala til Kiwi. 

Sandbekken har fått med seg blomedekoratør Inger Marie Ohm på satsinga, og allereie har dei fått mange gode tilbakemeldingar på nyopninga, lenge før dei har opna dørene. 

- Her har det vore blomehandel her sida tidleg på 80-talet. Dei siste som hadde utsal her stengde dørene i vår, og det har vore eit sakn for mange. I mai byrja me å planleggja vår eigen forretning her, og ser fram til å kunna tilby denne typen butikk til både forbipasserande, tilreisande og lokale, seier Sandbekken og Ohm. 

Frøken Fryd Blomar og Gåver er ein fagblomhandel som tilbyr gåveartiklar, klestilbehør, blomar og alt innan binderi. Butikken skal ikkje vera del av ein kjede, men er tilknytt Primaflor som leverandør. 

- Me har pussa opp lokala for å få litt av den same atmosfæren i blomebutikken som me har i kafeen og interiørbutikken. Men utover det vil produkta me har på Frøken Fryd Blomar og Gåver skilja seg ut frå det me sel i interiørbutikken, seier Sandbekken. 

Sidan opninga av Frøken Fryd i Isvik for fem år sidan har besøket og handelen auka jamt og trutt, og kundegrunnlaget for både kafédrift, interiørbutikk og blomehandel er godt, seier Sandbekken. 

- Folk er utruleg flinke til å nytta seg av dei lokale tilboda her, unge som gamle. Det er også ein av grunnane til at me vil ta opp igjen blomsterbutikken her, då både lokale og tilreisande kjenner til dette tilbodet i Skjold frå før, og «alltid» har handla her. 


Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details