Berre i løpet av tre år har Medvind Næringshage vakse til å omfatta ikkje mindre enn 24 bedrifter som i dag har kontoradresse i Medvind-bygget i Ølensvåg. I tillegg til å vera eit kontorfellesskap, tilbyr næringshagen starthjelp for verksemder i etableringsfasen og rettleiing for bedrifter som ønskjer vidare vekst og utvikling.
Nå vil næringshagen femna om meir, både i geografi og i kompetansebreidde.
Vil utvida fagbreidda
Næringshagen skal ikkje berre vera sentrert om næringslivsklynga i Vindafjord, meiner dagleg leiar Merete Vårvik Matre.
- Me skal vera ein motor for næringsutvikling innan eit breitt næringsliv i eit større distrikt. Me vil gjerne ha med oss endå fleire, både på eigarsida så vel som del av Medvind-nettverket, seier Matre, som har med seg heile fire nye styremedlemmer når næringshagen nå utvidar horisonten.
Nye i styret er Tor Magnar Kambe frå Fatland AS, Leif Grindheim frå Legria AS, Per Fatland som Vindafjord kommune sin representant og Åse Tveit Samdal frå Validé Haugesundregionen (tidlegare iPark Haugesundregionen). Styreleiar Sigmund Lunde frå Omega og styremedlem Gunlaug Habbestad frå Westcon held fram frå tidlegare periode.
Saman med Matre er dei nå på offensiven etter å knyta til seg eit endå breiare næringsliv.
- Det er allereie eit allsidig nettverk av bedrifter som er samla under same tak i Medvind-bygget. Desse verksemdene drar nytte av kvarandre sin kompetanse og erfaring frå kvar sine fagfelt. Likevel vil me utvida breidda av fagkompetanse. Dette vil styrka oss både som rettleiar for nyetablerte selskap, som bidragsytar for bedrifter som ønskjer vidare vekst, og som pådrivar for ytterlegare utvikling av næringslivet i distriktet, seier Matre.
Opnar for Etne-bedrifter på eigarsida
Åse Tveit Samdal er fersk som styremedlem i næringshagen, men har god kjennskap til Medvind gjennom arbeidet sitt i Validé Haugesundregionene. Ho meiner Medvind står godt rusta for vidare utvikling.
- Næringshagen i Vindafjord har eit ypparleg utgangspunkt med det sterke næringslivet i ryggen. Det er både kompetanse og vilje i og rundt næringshagen for å få dette til. Utfordringa framover blir å endå betre synleggjera kva tenester næringshagen tilbyr, og ta ein endå tydelegare posisjon som sentral aktør innan næringsutvikling og innovasjon i disktriktet, meiner Samdal.
Også på eigarsida har næringshagen fornya seg. Knapphus Gruppen, Hatteland Group og Tveit Regneskap er nye i eigarskapet.
Samstundes arbeider styret vidare med ytterlegare emisjon, og legg breisida til for å få bedrifter frå nabokommunen over Fikse inn i folden. Medvind Næringshage skal nå invitera næringslivet i Etne inn i hagen, anten som eigarbedrifter, målbedrifter eller som del av kontorfellesskapet.
- Næringslivet i Vindafjord har ytra eit tydeleg ønskje om ein større kommune. Næringshagen i Vindafjord har vore ein suksess og eg er overtydd om at denne satsinga kan ha same positive effekten for næringslivet i Etne kommune også. Men for å få det til er me avhengige av viljuge krefter i Etne som kan dra i lag med oss om dette, poengterer styreleiar Lunde.
Desse finn du i Medvind Næringshage:
- Filter design & kommunikasjon
- Vinnarskalle
- Medvind Næringshage
- Omega Byggservice
- Nordbohus Haugaland
- Legria
- International SOS (tidlegare Haugaland HMS)
- Oland
- Appex
- Tveit Regnskap
- Medvind24
- Haugaland Opplæringskontor
- Elling Hetland AS