Først uavhengige bank med eige fondsselskap

Som den aller første av dei uavhengige bankane i landet har Etne Sparebank gått inn på eigarsida i eit fondsselskap. Rett over nyttår lanserer dei Heimdalfondene for eigne kundar og på nasjonalt nivå.

- Heimdalfondene blir eit godt tilbod til både dei som har fond frå før og til dei som allereie har «pengar på bok» som spareform. Det er ein stor del av kundane våre som ikkje sparar i fond, så marknaden er stor, meiner banksjef Rune Ramsvik. 

- Med desse fonda vil me gjera sparing enklare, meir tilgjengeleg og meir føreseieleg, legg leiar for forretningsutvikling i Heimdal Forvaltning, Stian A. Wathne, til. 

Dei har begge tru på at det framleis er mykje ugjort i høve til automatisering i denne bransjen. 

Dei tilsette med i prosessen 

Saman med tidlegare North Sea GEM frå Stavanger, no Heimdal Forvaltning, har Etne Sparebank vore ein av dei viktigaste bidragsytarane til å utvikle Heimdalfondene, som dei vonar skal få ein tydeleg plass i den norske fondsmarknaden. I tillegg til å dekke sparekundane, skal selskapet òg ta seg av forvaltning av banken sine eigne midlar, bygd opp gjennom over 150 år. 

- Fondssparing har vore til dels utilgjengeleg og uforståeleg for dei tradisjonelle bankkundane, og såpass komplisert at det òg har blitt ein barriere for rådgjevarane våre å tilby desse produkta. No har dei tilsette vore med i prosessen, kome med innspel til utforminga, og me kan tilby eit skreddarsydd tilbod både til dei store kundane våre og til småspararane. Me legg hovudvekta på at produktet skal vera enkelt å forstå for folk flest, og at det skal vera enkelt å starte sparinga. I dag forventar kundane at dei skal kunna gjere det meste på mobilane sine; òg når det gjeld kjøp av fond, seier Ramsvik. 

Samtidig som forvaltninga skal vera på eit høgt nivå, skal produkta vera lett tilgjengelege både i banken og over elektroniske plattformer, og ikkje minst skal utviklinga i fondssparinga vera føreseieleg for kundane, understrekar både Ramsvik og Wathne. 

Vekk med grafar, tal og tabellar 

Nokon og ein kvar kan vegre seg for å gå inn i fondssparing når ein ser på dei ulike fonda sine nettsider der ein blir møtt av meir eller mindre uforståelege grafar, tal og tabellar. 

- Fondsforvaltar-språket har blitt ei blanding av avansert fag og noko som er prøvd oversett til norsk. Me synest ikkje dette er godt nok, og det skal me gjere noko med, seier Ramsvik. 

Med eit nytt konsept og ny teknologi gler både Ramsvik og Wathne seg til å ta opp konkurransen med dei største og tyngste aktørane i Noreg. 

- Etne Sparebank og Heimdalfondene har både nok kompetanse og finansielle musklar til å utfordre dei store, og me er sikre på at me skal lukkast så lenge kundane blir sett i sentrum. Dei nye nettsidene våre skal vera enkle og sjølvforklarande, og kundane våre skal vera trygge på vala dei gjer. Dei skal ikkje berre ta tilfeldige val og setja si lit til at det går godt, men vera støtta av eit godt konsept og god rådgjeving frå banken sine tilsette. Kundane skal kunne sove godt om natta og vera trygge på at dei får den meiravkastninga dei forventar, seier Ramsvik. 

På Heimdal Forvaltning sine nettsider vil grafar, tal og tabellar i stor grad bli bytta ut med forklarande blogginnlegg som skal ta kundane med på innsida av fondsforvaltinga, skal ein tru Wathne. 

- Fondsforvaltarar må slutte å levere informasjon i posten eller med hest å kjerre. Folk tar til seg informasjon på ein heilt annan måte i dag enn for 20 år sidan, ler han. 

I forkant av nytt EU-/EØS-regulativ 

Banksjef Ramsvik meiner det er nødvendig å gå inn i denne type eigarskap for å bygge opp under framtida til banken, og samtidig sikre arbeidsplassar i lokalområdet. 

- Nye, varsla krav og retningsliner frå EU/EØS vil gjere det vanskeleg for dei uavhengige bankane å ikkje vera med på eigarsida i forvaltningsselskap. Etne Sparebank har valt å vera i forkant av dei nye reglane, seier banksjefen. 

Tidleg på nyåret startar salet av tre nye fond som utgjer Heimdalfondene. Namnet på dei tre fonda vil dei to samarbeidspartnarane førebels ikkje ut med. 

Kva framtida vil gi kan berre framtida vise, men både banksjef Ramsvik og forretningsutviklar Wathne er opne for å søke strategiske partnarar som kan vidareutvikle Heimdalfondene til eit endå betre konsept. 

- No er me opptekne av å byggje vidare på lokal kultur og eigarskap, men samstundes vera vakne for nye revisjonar av fondsbransjen, seier dei to.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details