Det skjer mykje i Medvind24 Næringshage, og nå me er på jakt etter ein forretningsutviklar/prosjektleiar som vil vera med å styrka arbeidet vårt.
100 % fast stilling.
Me ser etter deg som
- er levande oppteken av lokal næringsutvikling
- har bakgrunn innan prosjektleiing, strategi, økonomi, bedriftsrådgjeving, berekraftsarbeid, marknadsføring, digitalisering eller noko anna spanande
- kjenner godt til (eller vil bli kjent med) næringslivet i distriktet
- trivst å jobba med alle slags typar folk og næringar
- er sjølvgåande og initiativrik
- ikkje sukkar med å ta eit tak
- kan trivast i ei rolle som «potet», til liks med kollegaene
Det er flott om du har papira dine i orden, men kva du kan, kva erfaring du har og kven du er som person kan fort telja like mykje som formell kompetanse
Hjå oss vil du få ein arbeidskvardag med eit breitt spekter oppgåver:
- Bedriftsrådgjeving for gründarar, vekstbedrifter og etablert næringsliv
- Skapa møteplassar for næringslivet og byggja nettverk
- Prosjektarbeid i lag med næringsklynger, einskilde bedrifter eller med nokre av våre mange samarbeidspartnarar
- Gjennomføra arrangement og kurs
- Rettleia bedrifter inn mot verkemiddelapparatet
- Aktivitetar knytt til næringshageprogrammet
…og mykje, mykje meir. Ein stor del av arbeidet me gjer, er i samarbeid med kommunar, næringsforening og andre samarbeidspartnarar.
Me kan lova deg:
- Ein svært variert jobb
- Ein jobb med rom til å utforma din eigen arbeidskvardag
- Ei nøkkelrolle i den vidare utviklinga av næringshagen
- Eit stort og spennande nettverk med mange flinke folk
- Fleksibel arbeidsplass, med moglegheit for mobil kontorplass mellom våre avdelingar i Ølensvåg, Etne, Sandeid eller Skjold
- Ein skikkelig triveleg arbeidsplass med stor takhøgde, tilnærma paddeflat organisasjonsstruktur, og kun ein kaffikopp frå næraste avgjerdsmynde
- Gode lønnsvilkår og eit skikkelig bra velferdstilbod (Me er så heldige at me får ta del i Omega 365 sitt velferdsprogram: hytter og hus verda over, og teambuildingar året rundt.)
- Mykje kaker. Små og store milepælar blir feira med kake, gjennomsnittleg ein gong i veka
Medvind Næringshage er del av det nasjonale næringshageprogrammet og har over 50 medlemsbedrifter som me bistår året gjennom med det dei treng for vekst og utvikling. I tillegg har me ei rekkje prosjekt både for det offentlege og privat næringsliv, og me inviterer til kurs og nettverkssamlingar så ofte me kan. Medvind har hovudkontor i Ølensvåg og avdelingar i Etne, Sandeid og Skjold.
Har du spørsmål? Ta kontakt med
Dagleg leiar Kari Aakra:
- kari@medvind24.no
- Tlf 971 88 516
eller
Styreleiar Terje Aarekol
- terjea@omega365.com
- tlf 98 28 68 41
Søknad og CV kan du senda til kari@medvind24.no.
Søknadsfrist 11. februar.