Førjulsgåver i 100-tusenkronersklassen

Ølen Grendautval og Haugesund Røde Kors Hjelpekorps fekk denne veka overrekt kvar si kjærkomne førjulsgåve frå Sparebankstiftelsen SR-Bank – kvar sine 100.000 kroner. Gåvene skal nyttast til høvesvis sentrumsnær turveg i Ølen og oppkopling til straumnette på sikringshytta på Fjellstøl.

- Me har i mange år snakka om å lage ei sentrumsnær turveg i Ølen; ei løype der alle – unge som eldre, joggarar og fotgjengarar, folk i barnevogn, rullestol eller på sykkel – skal kunna koma seg ut i terrenget utan først å måtta setje seg i ein bil, seier ein nøgd Tore Haaland, som tok imot pengegåva på vegner av grendeutvalet. 

Det var ein nøgd Tore Haaland (t.h.) i Ølen Grendautval som kunne ta imot førejulsgåva på 100.000 kroner frå banksjef Magne Christiansen i SR-Bank Ølen.

Den nye turvegen, som er teikna inn med start og stopp ved klubbhuset til Ølen Idrettslag, er kostnadsrekna til om lag 3,5 millionar kroner. 

- Ein del av finansieringa er på plass, men me treng meir. 100.000 kroner frå Sparebankstiftelsen kjem difor svært godt med, seier Haaland. 

Vegen skal gå langs Oselva til Hellevad med retur langs gamlevegen frå Etne, blir fire-fem kilometer lang og får gatelys. Karane som rydda gamlevegen mellom Ølen og Etne er i gong med skogrydding langs elvebreidda. Fire entreprenørar er bedne om å legge inn bod på opparbeidinga av vegen. Planen er å starte gravearbeidet utpå nyåret, og ha ferdig turveg neste haust. 

Støttar samfunnsnyttige prosjekt 

- Me har som mål å støtte prosjekt som bidreg til å utvikle regionen vår til eit godt og berekraftig samfunn. Me ser etter prosjekt som kjem mange til gode; spesielt barn og unge. Turvegen til grendeutvalet er eit godt eksempel på slike prosjekt. Det same gjeld hjelpekorpset si oppgradering av fjellsikringshytta på Fjellstøl med straum frå det offentlege nettet, sa banksjef Magne Christiansen i SR-Bank Ølen då gåvene vart overrekte. 

Han rosa hjelpekorpset for ein formidabelt utført jobb med å trygge fjellfarande i Olali-traktene og Etne-fjella. 

- Ferdsla i fjellet har ikkje vorte mindre etter at den nye Olali-hytta vart opna og vegen inn til hytta gjort framkomeleg for folk flest. Tenestene dykkar er viktigare enn nokon gong, og kan oppkopling til straumnettet føre til endå større engasjement frå dei frivillige medlemene, så er de vel verd ei pengegåva, sa Christiansen. 

Korpsleiar Roy Worum og operativ leiar Knut André Fransson, som tok imot pengegåva for hjelpekorpset, fortalde om eit prosjekt som starta for ei god stund sidan. Dei første grunninvesteringane på rundt 150.000 kroner er gjort i prosjektet, som er kalkulert til om lag 420.000 kroner. 

- Me søkte Sparebankstiftelsen om dei resterande 270.000 kronene, men er sjølvsagt godt nøgde med denne tildelinga. Med desse midlane på plass har me tru på at også andre kan koma til å støtta oss. Planen er å koma i gong med graving utpå vårparten, og ha innlagt straum i hytta før vintersesongen 2017/2018, fortel Worum. 

Ei hytte under stadig oppgradering 

Haugesund Røde Kors Hjelpekorps har i fleire mannsaldrar drive fjellsikringsarbeid i Olali-traktene. Midt på 60-talet bestemte dei seg for å bygge sikringshytte på Fjellstøl. 9. mars 1969 blei hytta offisielt innvia. 

- Sidan den gongen har hytta vore gjennom mange rundar med ombygging og renovering. Det er eit anna krav til standard i dag enn den gongen hytta vart bygd, og no er det altså innlegging av straum som står for tur, seier Worum. 

Banksjef Magne Christiansen (t.v.) hadde òg ei 100.000-kroners gåve til Haugesund Røde Kors Hjelpekorps sitt prosjekt for innlegging av straum i fjellsikringshytta på Fjellstøl. Roy Worum og Knut André Fransson var nøgde mottakarar på vegner av hjelpekorpset.

I jubileumsskriftet frå laget sitt 75-årsjubileum i 2014 kan ein lese om bruk av talglys og parafinlykter, før ein i 1976 fekk på plass eit eige straumaggregat. Dette aggregatet gjekk opp i flammar saman med anna utstyr i uthuset etter at lynet slo ned natt til 17. mai i 1979. Skadane var så omfattande at dei første som kom til trudde uvedkomande hadde vore på ferde med dynamitt. 

Nye rundar med restaurering, renovering og ombyggingar opp gjennom 80- og 90-talet og inn i vårt århundre har resultert i hytta i Fjellstølsbakken slik me kjenner ho i dag. Det blir ei ny tid for hytta og brukarane med innlagt straum. 

- Me har tru på at endå fleire vil til å ta på seg vaktoppdrag, og at dei som alt går vakter vil ta på seg fleire økter når me får innlagt straum. Ikkje alle har kunna med, eller har vegra seg for å bruke aggregatet, og dessutan blir det ein heilt annan komfort når ein på førehand kan bruke telefonen til å setje på varmen før ein dreg til fjells, trur Worum. 

Sparebankstiftelsen SR-Bank deler ut midlar til allmennyttige tiltak to gonger i året. Neste søknadsrunde er frå 19. februar til 19. mars, der prioriterte formål er idrett og kultur.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details