Full fart på Fikse-fest

Det sto i alle fall ikkje på innsatsen då løpsentusiastar og viljesterke stafettlag kasta seg ut i styrkeprøven Over Fikse laurdag. Elin Rame og Thomas Finshus blei kjappaste løparar mellom Ølen og Etne, medan Hestanipen opp stakk av med vandrepokalen i stafetten.

Vindafjord kommune sitt lag gav alt på dei siste etappane mot Etne sentrum. Åsmund Ohm Børretzen overlet siste sjarmøretappe til Anne Sofie Sandvik.

Elin Rame blei kjappaste kvinne over Fikse.


- Om lag 100 mosjonistar stilte til start kl. 11.00. Allereie tidlegare på dagen har fleire lagt ut på løypa og det held fram med å siga på med turgåarar utover dagen, fortel Morten Helland i komiteen for Over Fikse. 

Det var folksomt og høg trafikk med stor fart på turvegen over Fikse i dag. 10 stafettlag og meir enn 30 aktive løparar testa farten på den nye turvegen. 

Over Fikse-løper markerte i dag den offisielle opninga av den nye turvegen mellom Ølen og Etne. 

Ordførar Ole Johan Vierdal sto for opninga av turvegen ved Ølen Stadion i dag. Før han sjølv la ut på Grannar-marsjen fekk han ny utfordring for neste år: stafettpinnen for ordførarlaget 2017. 

- Ole Johan får med dette oppgåva med å samla ordførarkollegaer og stilla med lag til neste års stafett, seier Torleif Heggebø i VindafjordTurlag, ein av arrangørane bak løpet.

Thomas Finshus gjekk til topps i herreklassen, medan Tor Arne Sandvik og Tobias Aarekol  hamna på andre og tredje. 

Etter alt og døma kan dermed Over Fikse bli eit politisk topptungt arrangement i 2017. 

Aktiv klasse starta  ved Ølen Stadion kl. 13.00, etterfulgt av stafettstart kl. 13.30. Stafetten blei ein fargerik affære med eit breitt spekter lag som stiller til dyst:  Himkok, Sørstranda grendelag,  Hestanipen opp,  Omega,  Vindafjord Kommune,  Team Roatoppen opp,  Helgevold Elektro,  Etne Duathlon og  Medvind24 Næringshage. 

Desse stilte til start i aktiv klasse kvinner: Trine Rønning Byggstøyl, Carina Hornenes, Maria Kvinnesland Budal, Rebekka Kvinnesland Budal, Åsa Berge, Ingvild Luteberg, Solveig Dalseid Vaa, Berit Aasheim, Elin Rame, Kristin Lien, Mariann Vevatne 

Aktiv klasse menn: Mikael Opheim, Tor Arne Sandvik, Leif Hole, Øystein Opedal, Kristian Døvik, Morten Østenstad , Matias Berge, Nils Saltnes, Vegard Havrevoll, Sigyrd Fresvik, Harald Måge, Johannes Silde, Lasse Aasheim, Tobias Aarekol, Andrew Greenwood, Runar Aarekol, Bjarte Rørtveit, Kjetil Sævareid, Frode Haugen 

Resultat: 

Aktiv klasse kvinner: 

  • 00:54:49 - Elin Rame 
  • 00:57:002 - Kristin Lien 
  • 00:58:25 - Jorunn Hagesæter 
Aktiv klasse menn: 
  •  00:45:15 - Thomas Finshus 
  • 00:50:05 - Tor Arne Sandvik 
  • 00:51:15 - Tobias Aarekol 
Stafett: 
  • 00:47:56 - Hestanipen Opp 
  •  00:48:19 - Team Roatoppen Opp 
  •  00:49:22 - Helgevold Elektro 

Film frå Over Fikse

Video: Einar Fjeldheim/ Drone: Audun Habbestad

Folk i farten over Fikse: 

>



Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details