Folkefinansiering gjennom digitalt spleiselag

Digital kronerulling har allereie gitt rask uttelling for lag og organisasjonar landet over. Sparebank 1 SR-Bank si nye satsing Spleis har digitalisert innsamlingsdugnaden, og nå kan innsamlinga til ditt lag eller prosjekt gjerast over Facebook.

- Meir enn sju millionar kroner er samla inn til ulike føremål landet over gjennom Spleis, og det berre sidan februar, fortel magne Christiansen i Sparebank 1 SR-Bank i Ølen. Han håpar Spleis blir den nye innsamlingsdugnaden også her lokalt.  

Via den digitale folkefinansieringstenesta Spleis.no kan kven som helst enkelt setja i gang eigen innsamlingsaksjon, og skaffa givarar gjennom sosiale media. Lag, organisasjonar, privatpersonar, bedrifter eller gründarar som treng finansiering til prosjekta sine kan alle nytta seg av Spleis. 

Spleis.no blei lansert i februar i år, og så langt er det laga 1300 spleisar som har samla inn meir enn sju millionar kroner til ulike føremål landet over via Spleis.

- Om det gjeld støtte til skulekorpset, ein klassetur, veldedig føremål, det lokale forsamlingshuset eller eit bedriftsprosjekt – gjennom Spleis kan alle starta sin eigen innsamlingsamlingsdugnad. Ved å starta ein spleis for prosjektet kan du dela dette på sosiale media, og ved få klikk kan dei som ønskjer å bidra, enkelt gi valfri sum til prosjektet, fortel leiar for Sparebank 1 SR-bank i Ølen, Magne Christiansen. 

Tysdag 28. november inviterer han til informasjonsmøte om den nye digitalie folkefinansieringa. 

- Dette er eit heilt nytt konsept i Noreg. I utlandet har det vore stort fokus på folkefinansiering. Nå kan kommunar og sparebankar bidra til å finansiera samfunnsnyttige prosjekt og dermed også ei  sterk dugnadsånd. Stadig fleire set pris på tida si, og dugnadsengasjementet i landet er på veg nedover. Difor håpar me at Spleis blir det nye dugnadsverktøyet, seier Christiansen. 

Slik fungerer Spleis

  • Opprett ein spleis på spleis.no der du enkelt fortel kva føremålet gjeld. 
  • Del spleisen på sosiale media, der dei som ønskjer det kan bidra og følgja med på korleis aksjonen går. 
  • Dei som støttar aksjonen klikkar seg inn på spleisen og vel kor mykje dei vil bidra med og korleis dei vil betala: med Vipps, kort eller faktura.
  • Når du har samla inn pengane du treng, blir dei utbetalt til føremålet.  

Spleis-prosjekta kan enkelt marknadsførast på sosiale media og sprer seg dermed raskt til andre engasjerte. Dermed er kronerullinga fort i gang. 

- Eg har høyrt om spleisar som har fått inn fleire tusen på halvanna døgn og dermed dekka inn heile beløpet dei trengte, fortel Christiansen. 

Han meiner den nye folkefinansieringa kan bidra til å realisera ei rekkje prosjekt som elles ville ha trengt endå meir ressursar til innsamling av pengar. 

- Spleis er ei teneste etablert av Sparebank 1 SR-Bank, men ein treng ikkje vera kunde hjå oss for å bruka tenesten. Du kan oppretta ein spleis eller bidra til eit spleis-prosjekt uavhengig av kva bank du brukar. Dette er ei teneste som skal vera lett å bruka for absolutt alle, seier han. 

28. november kan alle som ønskjer få vita meir om moglegheitene ved å bruka Spleis møta på informasjonsmøtet på Ølen Idrettslag sitt klubbhus. Same kveld vil det også vera uttdeling av denne haustens gåvebrev frå Sparebank 1 Stiftelsen og trekning av to gåvekort på kr. 10.000. 


Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details