Fire råd (og litt pepar) til norsk arbeidsmarknad

Skal dagens velferdsstat halda fram, treng me fleire i arbeid og fleire skatteytarar. Då må både jobbsøkjarar, arbeidsgivarar, utdanningssystem og NAV gå nokre rundar med seg sjølv. Les arbeidslivsekspert Kristian Heggebø sine råd for høgare sysselsetjing i framtids-Noreg.


Under tittelen "Jobbmatch.com - korleis finne den rette", gav Heggebø publikum sine vurderinga om kva som skal til for å sikra høgare syssesetjing i åra som kjem. - Ei hovudutfordring er korleis me på best mogleg måte effektivt skal kunna utnytta alle ressursane me har i landet. Det verste som kan skje er ein form for mismatch mellom arbeidsgivar og arbeidstakar, der sistnemnde gjer ein jobb vedkommande ikkje er skikka for. Eller at ein er over- eller underkvalifisert for jobben. 

- Nordmenn lev lenger, me får færre born, og blir færre skatteytarar som skal ta vare på dei uføre, sjuke og eldre. Dersom me er interesserte i å bevara velferdsstaten i nåverande form må me auka sysselsetjinga i landet. Og korleis skal me få det til? 

Arbeidslivsekspert og ølensbu Kristian Heggebø baud på fleire løysingar, og litt grovkverna pepar til etablerte institusjonar og aktørar på alle sider av arbeidsmarkanden under NæringsGiv 2017. 

- Det står ikkje dårleg til i Noreg. Me gjer mykje bra. Men me skal heller ikkje trivialisera. Det har blitt ei dobling i arbeidsløysa her til lands. Det er alvorleg og det må takast grep. Me bør finjustera AS Noreg  for å gjera oss endå betre rusta for framtida. Heggebø serverte dermed si oppskrift for styrka sysselsetjing, ispedd litt godt krydra kritikk undervegs. 

1. Bli ein mindre egoistisk jobbsøkar 

Jobbsøkarar i dag er i stor grad egosentriske, og tenkjer gjennomgåande «meg, meg, meg». Mange kjem på arbeidsmarknaden som nyutdanna, og har meir eller mindre halde på med sjølvrealisering i mange år, meiner Heggebø. 

- Brorparten av utdannings- og arbeidserfaringa er faktisk bitande, rivnande irrelevant for arbeidsgivaren. Mange evnar ikkje å sjå seg sjølv som eit lite tannhjul i eit større maskineri. For det er jo det ein ofte skal vera når ein trer inn på ein arbeidsplass. Mitt råd: Finn ut så mykje du kan om arbeidsgivaren du vil jobba for, og fokuser heller på korleis du kan bidra for dei og ikkje motsett. 

2. Arbeidsgivarar: Drit i CV og jobbintervju 

Arbeidsgivarar blir i alt for stor grad blenda av formelle kvalifikasjonar, meiner Heggebø. Fancy cv-ar vinn ofte fram i ein tilsetjingsprosess, men vedkommande kan likevel vera totalt ueigna for jobben. 

- Mange arbeidsgivarar tenderer til å vera allergiske mot alle som er litt annleis. Eit ikkje-norsk-klingane namn, ein halvsjaskete helsetilstand, eller litt for høg alder kan plassera deg nedst i bunken. Arbeidsgivar endar opp med å velja dei som er likast seg sjølv, poengterer Heggebø. 

Han meiner difor at ein bør gripa tilsetjingsprosessen an på nye måtar: 

- For det første må ein som arbeidsgivar finna ut kva eigenskapar ein er ute etter. Eigenskap og evne er ikkje naudsynleg det same som utdannings- og yrkeskvalifikasjonar. Det kan vera noko heilt anna. 

Deretter bør ein unngå jobbintervju etter beste evne. 

- Intervju fungerer ikkje, det er totalt meiningslaust. Det fører kun til at du tilfeldigvis får best kjemi med den personen som er kliss lik deg sjølv, som har gått på same skular som deg, hatt dei same jobbane, og dei same interessene. Når me veit at folk tendere mot å automatisk tiltrekka seg til folk som er like seg sjølv, må ein tenkja andre alternativ. La nokon upartiske ta praten med jobbsøkaren, eller gje søkjaren ei oppgåve som må løysast i staden for eit jobbintervju. 

- I veldig stor grad bommar jobbsøkarar når dei skal prøva å komma seg inn på jobbmarknaden. Det blir gjort for dårlig research, dei veit ikkje nok om arbeidsgivaren, kva han treng, eller kva arbeidsplassen held på med.


3. Maks 1 års vidaregåande skulegang 

Mellom 25 og 35 prosent hoppar av frå vidaregåande utdanning i Noreg. Ein statistikk som i følgje Heggebø gir eit heilt feil bilde av realiteten.

- Det er mykje fokus på den høge «dropout-prosenten», men den stemmer ikkje. Mellom 25 og 35 prosent fullfører ikkje vidaregåande skule innan fem år, det er noko anna. Eg har mange vener som er del av denne statistikken, men samtlige er anten i full jobb, eller i gang med høgare utdanning. 

Og om talet faktisk hadde stemt, ville det då vore så ille? Er det eit problem at folk ikkje har lyst eller evna å sitja så ekstremt lenge på skulebenken? At alle på død og liv skal pressast gjennom systemet, undrar Heggebø, og konkluderer deretter: 

- La oss gå tilbake i tid, då 15-16-åringar kunne reisa til sjølvs, arbeida på båt nokre år og dermed kom tilbake som ein heilt ny person. Frå å vera ein skuletapar, hadde vedkomande vore ute, fått erfaring, bygd seg sjølvtillit og fått ei meistringskjensle som han aldri hadde vore i nærleiken av å få på ein skulebenk. Dei alternativa finnest ikkje i dag. Folk blir ståande lengre med taparstempel i panna. Då er det heller ikkje så løye at folk vil slutta og halda på med noko heilt anna, påpeikar Heggebø som også etterlyser tettare kopling mellom arbeidsliv og skule. 

I informasjonssamfunnet vil ofte kunnskapen me får på skulebenken vera forelda når me kjem ut i arbeidslivet. Og det er først som arbeidstakar ein lærer seg dei ferdigheitene som trengst. 

- Det kan verka meiningslaust å bruka tid på ein skulebenk for å læra seg noko, då ein treng heilt ny kunnskap når ein kjem ut i jobb. Det bør lagast eit hurtigspor i vidaregåande skule, gjerne på maks eit år. Dersom ungdom heller vil ut i arbeid, bør dei få moglegheita til det. Dette sporet må utviklast i mykje tettare samarbeid med næringslivet enn skulane har i dag.

4. Kutt ut aktivitetsjaget, Nav! 

- For meg er det heilt ulogisk korleis aktivitetsplikt skal få folk med dårleg helse tilbake att i arbeidsmarknaden. Me veit jo allereie at arbeidsgivarar er skeptiske til å tilsetja denne gruppa. Unge som søker om økonomisk sosialhjelp slit ofte med kompliserte problem, og korleis dei plutseleg skal få ein lett veg inn i arbeidsmarknaden på grunn av aktivitetsplikt - det evnar eg ikkje å sjå. 

Slutt med aktivitetsjaget, og bruk dei frigjorte ressursane på dei som faktisk har behov for det, oppmodar Heggebø. Ein treng ikkje den voldsomme oppfølginga av folk som søker jobb: 

- Det kan verka som om folk har ei førestilling om at det er attraktivt å gå på sosialhjelp, difor må me snevra inn moglegheitene og gjera det litt vanskelegare. Sanninga er at dei aller, aller fleste ønskjer å jobba. Dei som aktivt misbruker systemet, er i fåtall. Det er rart at me skal vri heile trygdesystemet på grunn av eit fåtall, seier Heggebø som luftar følgjande løysing: 

- Ha tillit til folk som søker etter jobb. Innvilg søknad om dagpengar, la vedkommande vera i fred og søkja på jobb. Så kan Nav vera tilgjengeleg og hjelpa til der ein treng det. At absolutt alle skal gjennom ei slikt form for aktiviseringsjag, ser eg ikkje på som fruktbart i det heile tatt. Slutt med meir eller mindre meiningslaus jobbtrening og aktiveringstiltak. Det har ikkje den ønska effekten ein håpar og trur.

Klar tale frå Heggebø til alle arbeidsgivarar: -Finn ut kva eigenskapar du er ute etter når du skal tilsetja nokon. Eigenskap og evne er ikkje naudsynleg det same som utdannings- og yrkeskvalifikasjonar. Dessutan må de slutta med jobbintervju. Det er fullstendig meininlaust. 


Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details