I dag skal det hybride lasteskipet til Arriva Shipping, «Nor Viking», dynkast i champagne. Gudmor er Solveig Matre, kona til medgründer Norvald Matre, som var med og starta rederiet i 1972.
– Kva slags prosjekt er ´Nor Viking´?
– For det første, er det rederiets første nybygg i vår 50-årige historie, seier administrerande direktør i Arriva, Sindre Matre.
– Så er det eit miljøprosjekt som reduserer utsleppa med 40 prosent samanlikna med same tonnasje. Dessutan er det starten på fleire nybygg, det er ein dårleg skjult løyndom at me ønskjer å byggja fleire fartøy sjølve, fortel Matre.
– Alle fartøy treng ein dåp
«Nor Viking» har allereie segla ei god stund. Etter sjøsetting i august, kom fartøyet heim til Ølensvåg etter ei rekkje oppdrag på dei sju hav. Nyleg var fartøyet seks veker i Ølensvåg for å få ferdigstilt hybridpakken, der mange tonn batteri har blitt installert.
Seam har levert hybridpakken og Berg Propulsion har levert propellssystem. Batteria på til saman 20 tonn er signert Corvus Energy. Batteria blei leverte til kaien, og boren om bord av besetningen.
– Alt er installert og testa. Me har tatt fleire prøveturar på Ølensfjorden. Så gjer fartøyet eit stopp her. Alle fartøy treng ein dåp! Fastheld Matre.
Jubilerer etter dåpen
Etter dåpen trekk festlyden inn i partyteltet på kaien, for å feira rederiet sitt jubileum. Den etterlengta jubileumsfesten byr på talar frå både leiing og gjester, Rune Bjerga som konferansier og konsert med Pakkers trio.
Administrerande direktør Matre ser fram til å endeleg feira jubilanten Arriva, som blei femti år i fjor.
– Det blir god mat og god drikke, seier Matre.