Feirar 30 år i klesbransjen

- Tenk at det er blitt 30 år. Å driva klesbutikk var ikkje ein gong i tankane mine då eg fekk spørsmål om å overta. Det har vore mykje jobb, men eg har ikkje angra ein einaste dag.

På åttitalet var Anne Aasheim Stople sjølv ein fast og god kunde i klesbutikken Hans og Grete midt i Ølen sentrum. I januar 1987 vart butikkeigaren brått sjuk, og mista mellom anna taleevna. Frå sjukesenga skreiv ho ei melding til ektemannen. 

- Spør Anne om ho vil overta, stod det på lappen. 

Eit par veker seinare hadde Stople kjøpt varelageret og blitt butikkeigar i leigde lokale i den gamle fiskematbutikken til Arthur Handeland (for dei som hugsar den). 

Hadde ingen peiling 

- Eg hadde ikkje peiling på butikkdrift, og det hadde nok ikkje blitt noko av utan god oppmuntring og støtte frå mannen min, Audun, og foreldra mine. Pappa råda meg til å ta med mamma i drifta. Ho var ei god støtte dei første 10 åra før ho pensjonerte seg, og sjølv hjelpte han til med rekneskaps- og anna kontorarbeid før dei flytta tilbake til Skånevik, der me kom frå, fortel Stople. 

Ho fortel òg om god hjelp frå dei mange, faste leverandørane til butikken. Ei liste med namn på aktuelle leverandørar var med i handelen då Stople overtok butikken. Med den i handa reiste ho og mora på si første innkjøpsmesse. 

- Leverandørane skjøna fort at eg ikkje hadde noko røynsle frå butikkinnkjøp, men var greie og hjelpte meg godt i gong, minnest Stople. 

Med åra har ho vorte ein røynd innkjøpar med nase for aktuelle klesplagg for unge som eldre, kvinner som menn. 

- Hans og Grete har vore, og skal vera ein klesbutikk for alle frå 0 til 90 år, og kjem det innom eldre kundar, så skal me ha noko i deira smak òg. Me satsar på eit variert utval av klede i alle prisklassar, frå det kvardagsleg enkle til flotte ballkjolar i god design – aller helst norsk design, fortel Stople. 

Frå leigetakar til eigar 

Eit års tid etter at Stople overtok Hans og Grete vart butikklokala ho leigde lagt ut for sal. Samstundes stod det ledige lokale i nabobygget, som elektrikar Arnold Eide hadde sett opp rett vis-a-vis Ølen Samyrkjelag. 

- Her var me leigetakarar i om lag 10 år før dette bygget òg vart lyst ut for sal. Me vart kjent med det gjennom ei annonse i avisa, og bestemte oss for å handle. Det var før Ølen Samyrkjelag flytta til Ølen senter, mimrar Stople. 

Denne flyttinga var eit lite strek i rekninga, men i og med at ho hadde kjøpt bygget, så valde ho å bli verande i sentrum. Det mangla ikkje på åtvaringar både frå lokalmiljøet og mange av seljarane som var innom butikken. Og ho var sjølvsagt spent sjølv òg på korleis det ville gå når hovudmagneten forsvann frå sentrumsgatene. Framleis hadde ein både Urmaker Arnestad, Bygg Mix, bakeriet og Olav Heggen å by på i tillegg til Hans og Grete i sentrum. 

- Eg har ikkje angra på at me vart verande. Det vart rett nok noko stillare i gatene til tider, men etter den fine opprustinga av miljøgate frå krysset ved Shell-stasjonen til Joa-Kari for nokre år sidan, så er det blitt retteleg triveleg å drive butikk i sentrum, seier ho. 

Hos Hans og Grete skal alle uansett alder og kjønn finna klede, anten det er til kvardags eller fest. Her får Helen Totlandsdal (t.h.) hjelp av butikkeigar Anne Aasheim Stople til å finne den rette gåva til ein "babyshower" ho skal i. Foto: Torleif Heggebø

Butikken hennar har opparbeida seg eit godt renommé opp gjennom åra. Stople har mange faste kundar, men òg meir eller mindre tilfeldige kundar på gjennomreise. 

- Nye kundar kjem gjerne innom etter å ha «høyrt eit rykte», som Vinnarskalle Frank Abelseth pleier å seie det. Og dei kjem gjerne langvegs frå – heilt frå Stavanger, Bergen og til og med Oslo. Mange forelskar seg i butikken og kjem att år etter år; ikkje berre lokale, men òg dei langvegsfarande, fortel Stople, som kan glede seg over mykje skryt frå kundane. Dei mest trufaste har vore kundar sidan dei kom inn i butikken saman med foreldra sine som meir eller mindre nyfødde for 30 år sidan. 

Omset for fem millionar 

Det første driftsåret med Stople ved roret omsette Hans og Grete for om lag 1,5 millionar kroner. Dei seinare åra har omsetnaden stabilisert seg på rundt fem millionar kroner. 

- Det tok litt tid før me kom skikkeleg i gong, og dei første fem åra kunne me ikkje ta ut særleg med løn. I dag er eg godt nøgd med økonomien og gler meg over å ha fleire gode medarbeidarar – ei på heiltid, ei som går 2-3 dagar i veka og ein skuleelev i helgane. Og så Audun då, som er vaktmeister og alt-mogleg-mann i bedrifta og hovudansvarleg for å halda den 160 kvadratmeter store butikken i «ship shape», ler Stople. 

Kor lenge ho kjem til å halde på har ho ikkje tenkt på. Ikkje kva som skal skje med butikken når ho gir seg heller. 

- Ingen av ungane har peika seg ut som spesielt interesserte i å drive vidare, men dei skal få god støtte frå meg om interessa vaknar. For meg har det vore 30 interessante og trivelege år, seier ei nøgd Stople. 

Ho har ikkje tid til feiring no. Inneverande veke – jubileumsveka – er Stople å finna på motemesse i Oslo. I motsetnad til for 30 år sidan er det ein røynd innkjøpar med sansen for plagga kundane vil ha som stiller på messa. 

Kjem kundane innom butikken torsdag 2. mars, så får dei bli med på ei forsinka feiring. 

- Det er same dagen som naboen Bygg Mix opnar etter ombygginga av lokala sine. Då blir det musikk, kaffi og kaker – og sjølvsagt mange og gode tilbod, seier ein travel butikkeigar før ho gjer seg klar til avreise til motemessa.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details