– Prosjektet skal etter planen vere ferdig 1. november i år og me ligg godt an. Akkurat no venter me på ein stabil vérperiode, då me treng frost og lite vatn for å få lagt lettfylling. Me skal fylle i 6000 kubikkmeter i vegbana og dersom elva stig for mykje, tek den med seg massane. Det kan føre til forureining, og dette ynskjer me sjølvsagt å unngå.
Undervegs i prosjektet har styresmaktene vore uroa for fiskestamma i elveløpet, og kva konsekvensar vegarbeidet har for denne.
– Alt arbeid som var ein fare for elva er ferdig. Det står kun att å fjerne ein midlertidig veg. Eg er veldig nøgd med arbeidet og det har gått etter boka, fortel Balzer.
Vassbakk & Stol har saman med lokale og regionale underleverandørar stått for utføringa av arbeidet. Bruene i prosjektet er ferdigstilte, men det er framleis eit stykke arbeid igjen.
– Me har mellom anna ein del arbeid igjen på eine køyrebana som ligg lengst frå elveløpet. Det vil difor vere litt hindringar i trafikken framover, med ei køyrebane og lysregulering. Dette vil vare kun ein kortare periode, ei veke eller to. Dette arbeidet er like om hjørnet og vil halde på i månadsskiftet januar/februar.