Er du klar for Ei heiso reis?


TV-realityane får eigen lokalversjon, når ei heil rekkje reise- og næringslivsaktørar i distriktet fyrer av startskotet for eit rebusløp litt utanom det vanlege 23. september. 

- Dei fleste har fått med seg realityshowa på TV, og med det innbydande naturlandskapet me har her i distriktet har me ei perfekt ramme for å ta reality-showa «heim» til oss. Nå startar me rekrutteringa, og håpar både bedrifter og organisasjonar er klar for ein ganske unik dagstur, seier initiativtakar John Karsten Hustveit i Åkrafjorden Oppleving. 


Seks femmannslag skal ta seg fram mellom totalt seks stasjonar «til lands og til vanns». Laga skal utfordrast med både praktiske og teoretiske oppgåver undervegs.

- Heile ferda vil bli ei dagsreise, der deltakarane skal få bryna seg på litt av kvart undervegs, i tillegg til strabasane på kvar etappe mellom stasjonane. Ved målet vil det sjølvsagt bli storstilt feiring etter endt reis, fortel Hustveit. 

Om ein i TV-versjonane av realityshowa gjerne har lagt lista til det noko ekstreme, er terskelen på langt nær så høg i den lokale varianten. Og det er ikkje naudsynleg verken fysisk stryke eller fart som avgjer vinnarlaget. 

 - Ein treng ikkje vera noko idrettsutøvar for å bli med på dette. Oppgåvene blir varierte, og skal passa for allsidig samansette lag. Målet vårt er at laga i seg sjølv skal få ein uforgløymeleg dag der lagbygging står i hovudfokus. I tillegg har me ei målsetjing om at både deltakarar og publikum får augo opp for dei mange tur- og reiselovstilboda me har i distriktet, seier Hustveit.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details