Endeleg skjer det noko på Knapphus

I 1998 regulerte Vindafjord kommune 90 mål av eit 140 mål stort område på Knapphus til næringstomter. Området har vore i kommunen si eige sidan 70-talet. Endeleg skjer det noko på «Industriområde Knapphus».


Nokre hundre meter nedom E-134, på austsida av Saudavegen, har entreprenørbedriftene Ottar Skjold Maskin, Bjarne Nordtveit og Gjellestad Anlegg fått hand om 15 mål, og kan realisera planane sine om etablering. I tillegg er ytterlegare to tomter gjort tilgjengelege med tilkomst av veg og nødvendige fasilitetar. Ein ny interessent skal alt ha meldt interesse for den eine. Ottar Skjold Maskin har hatt oppdraget med klargjering av området for kommunen. 

Alle har venta 

- Det er ulike årsakar til at det har tatt så lang tid. Kommunen har venta på utbyggarar og utbyggarane har venta på kommunen. Det har vore interessentar, men ikkje med så konkrete planar at kommunen har prioritert vidare framdrift - før no, fortel Tor Gunnar Skaar, som koordinerer den vidare utviklinga av området på vegner av kommunen. 

- Veg, vatn, kloakk og fiber er på plass og om ikkje altfor lenge kjem det asfalt på vegen inn til dei første tomtene. Opparbeiding av tomtene tek kjøparane seg av sjølve, og no når me endeleg er i gong, så reknar eg med at andre kjem etter, ytrar Skaar. 

Firedoblar arealet 

- Me har lenge hatt behov for større plass enn dei 2,5 måla me eig ved dei gamle drivhusa i Øvre Vats, og har pressa på for at området på Knapphus skulle opnast for etableringar. Dette har me venta på lenge, ytrar dagleg leiar, Håvard Skjold, i Ottar Skjold Maskin. 

Entreprenøren har sikra seg eit 10 mål stort areal, og er no godt i gong med massuttak og planering av tomta. 

- I første omgang har me rydda om lag 2,5 mål med skog og tatt ut steinmassar til bruk på andre prosjekt i distriktet. Etter kvart skal resten av området skogast, og tomta planerast. På sikt – i løpet av fire-fem år, avhengig av utviklinga i marknaden – satsar me på å bygge eigen verkstad og kontorbygg på tomta, fortel Skjold, som etter det vurderer utleige eller sal av areala dei eig i Øvre Vats.

Fleire under same tak 

Som Skaar har Sigbjørn Gjellestad i Gjellestad Anlegg tru på at fleire vil kome til no når dei første er på plass på industriområdet. Sjølv har han planar om å bygge eit kontor- og verkstadbygg både til eige bruk og til utleige for andre som måtte vera interessert. 

- Knapphus er eit område i vekst, og me har lenge hatt ønske om å etablere oss her. Då det endeleg vart klart for utbygging, var det berre å hive seg på. Området ligg sentralt i marknaden vår, og ved å samle fleire, ulike bedrifter under same tak, vonar eg å kunne gi kundane eit lett tilgjengeleg og tverrfagleg godt tilbod, seier Gjellestad. 

No ventar han berre på klarsignal frå kommunen før opparbeidinga av tomta kan starte. 

Betre lagerplass 

Bjarne Nordtveit har først og fremst vore på jakt etter ein stad å lagre maskinar og utstyr mellom oppdraga. Eit par mål på næringsområdet på Knapphus vart løysinga. 

- Litt skoging og planering, så er me klare til å setja opp eit lager og kanskje eit lite tilbygg, fortel Nordtveit, som ønskjer å ta området i bruk så snart som råd.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details