- Eit distriktsfiendtleg vedtak som har gått under radaren

Næringsliv i Distrikts-Noreg har i 15 år forvalta kompensasjonsmidlar til regional utvikling og lokale prosjekt av stor samfunnsnytte. Nå blir midlane kutta av regjeringa, og i staden kanalisert inn i statskassa og vidare mot infrastruktur i byområda.

 - Me må førebu oss på at det kan bli tøffe år framover med låg aktivitet og høg arbeidsløyse. Næringslivet i distrikta er sårbare, og me er avhengige av ein politikk som kan bidra til å oppretthalda Distrikts-Noreg og næringane her. Regjeringa sitt vedtak om å kutta denne ordninga er det stikk motsette, seier Øystein Matre, styreleiar i Vindafjord Arbeidsgiverforum. Foto: Terje Lunde. 

- Dette er ein villa politikk frå ei distriktsfiendtleg regjering, som ikkje berre vil påverka næringslivet i distrikta, men også regional utvikling, seier Øystein Matre, styreleiar i Vindafjord Arbeidsgiverforum (VAF) og administrarande direktør i Westcon Yards. 

Næringslivet i distrikta har i 15 år motteke refusjonsmidlar for høg arbeidsgivaravgift. Refusjonsordninga har vore tverrpolitisk forankra, og eit distriktspolitisk verkemiddel som skal kompensera for utfordringane ved å driva næring i distrikta. 

Næringslivet i utkantstrok har fått refundert om lag 60 % av differensiert arbeidsgivaravgift, og midlane er gitt vidare til lokalsamfunna for å fremja regional utvikling. Som forvaltar av midlane i Vindafjord, har VAF nytta pengane til å utvikla infrastruktur og iverksetja samfunnsprosjekt verdt meir enn 300 millionar kroner i regionen. 

I revidert nasjonalbudsjett er ordninga fjerna med eit pennestrøk, og utan reell debatt, meiner Matre. 

Under radaren 

- Det som var eit særs viktig distriktspolitisk verkemiddel, kjem nå til å forsvinna til byområda på kostnad av regional utvikling i norske utkantstrøk. Me har ikkje funne nokre politiske vurderingar som byggjer oppunder avviklinga av denne ordninga. Så langt har me heller ikkje funne at saka har vore debattert på Stortinget. Det er eit demokratisk problem at departementet her verkar å ha avvikla ordninga utan open politisk debatt, seier han. 

I 2016 betalte næringslivet i Distrikts-Noreg totalt 732 millionar kroner i ekstra arbeidsgjevaravgift. Til nå har mellom 60 og 70 prosent av desse kome tilbake til distrikta gjennom refusjonsordninga. Den resterande summen har hamna i statskassa. 

- På kostnad av Distrikts-Noreg som til nå har nytta midlane til viktig regional utvikling, vil pengane forsvinna til infrastruktur i byområda i Noreg. Me kan ikkje sjå korleis desse midlane nå vil koma distrikta til gode, seier Matre. 

Utvikling for 300 millionar 

VAF har formidla desse refusjonsmidlane til meir enn 130 regionale prosjekt innan infrastruktur, regionalutvikling, samfunnsprosjekt og kompetanseheving med stor ålmenn nytte. 

 - Regionalt har kompensasjonsordninga hatt ei utløysande effekt på prosjekt med ein totalverdi på meir enn 300 millionar kroner. Desse prosjekta, alt frå kulturhus og idrettsanlegg til kompetansehevingstiltak, breibandsutvikling eller gang-og sykkelvegar, ville ikkje vore iverksette om det ikkje hadde vore for desse midlane, seier Matre. 

I allereie krevjande tider for næringslivet, kjem avviklinga på verst tenkeleg tidspunkt. 

 - Me må førebu oss på at det kan bli tøffe år framover med låg aktivitet og høg arbeidsløyse. Næringslivet i distrikta er sårbare, og me er avhengige av ein politikk som kan bidra til å oppretthalda Distrikts-Noreg og næringane her. Regjeringa sitt vedtak om å kutta denne ordninga er det stikk motsette.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details