Kvifor tenkjer du ein sommarjobb er viktig?
– Eg tenkjer sommarjobb er viktig fordi ein får mykje god erfaring som ein kan ta med seg vidare til studiane eller arbeidslivet. Ein får og meir pengar å rutte med under studietida slik at ein kan kose seg litt ekstra.
Sommarvikaren
- Namn: Amalie Rosseland
- Alder: 20 år
- Arbeidsstad: Rehabilitering og somatisk avdeling ved Etne Omsorgssenter
- Studerer: Sjukepleiestudiet ved VID vitenskapelige høgskole i Bergen
Kvifor ville du jobbe her?
– Eg ønskte å jobbe på omsorgssenter då eg får mykje god erfaring som pasientkontakt, å observere sjukdommar, delegere legemiddel og oppleve å ha ansvar. Det er og svært givande å hjelpe eldre menneske som ikkje klarar å ta vare på seg sjølv. Etter fleire feriar på Etne omsorgssenter kjenner eg meg godt heime her.
Kva ville du sagt til nokon som vurderte same feriejobb?
– Det er ein svært givande jobb, som også gir utfordringar. Å hjelpe eldre menneske gir erfaringar ein veks veldig på.
Om du kunne reist kor du ville, kor hadde turen gått?
– Om sommaren vil eg reise til ein varm plass. Eg har allereie vore i Bulgaria og der var det nydeleg. Eg ville reist ein plass der det er varmt, fint og turistvenleg.
Kva er dine planar for sommaren?
– Eg begynte i sommarjobben 11. juli. Før det har eg vore i Bulgaria og i Kristiansand på Palmesus-festival. I slutten av juli skal eg på Rammstein-konsert i Oslo.