- Ein ny vår for dei små og mellomstore

130 nye bedrifter blei etablerte i Etne og Vindafjord i fjor, og trenden held fram i 2017. Så mange nyetableringar har det ikkje vore på mange år.

- Etne hadde 11-12 nyetableringar i kvartalet i snitt i 2016, noko som også er same utvikling første halvår i 2017. Vindafjord hadde 20-21 nyetableringar i kvartalet i snitt i 2016, og er hakk i hel med 19 per kvartal første halvår 2017, seier Kjell Larsen, Seniorrådgivar i Tveit Regnskap. 

 - Dei små og mellomstore bedriftene i distriktet har som resten av regionen fått ein ny vår i vår, seier Kjell Larsen, Seniorrådgivar i Tveit Regnskap

Tveit Regnskap utarbeider kvart år næringsbarometer for regionen Sunnhordland og Nord-Rogaland, og etter eit par år med nedgangstider, startar pilene nå å peika oppover igjen. 

- 2014 ramma hardt med låge oljeprisar og store nedbemanningar. I første runde gjekk dette utover olje- og gassrealterte selskap, deretter kom ringverknadane for andre bransjar. Men dei små og mellomstore bedriftene i distriktet har som resten av regionen fått ein ny vår i vår, seier Larsen. 

Høgare omsetning og betre resultat

Bedrifter i heile regionen viser både høgare omsetning og betre resultat i løpet av første halvår 2017. Det same gjeld også for dei små og mellomstore bedriftene i Etne og Vindafjord. På somme punkt er faktisk utviklinga lokalt betre enn i regionen elles. 

Dei små gjer det stadig betre, og dei mellomstore endå betre. 

- Fleire bedrifter har auka omsetninga første halvår i 2017, samanlikna med same periode året før. Dette gjeld for Etne og Vindafjord til liks som resten av regionen. Når det gjeld positivt resultat skil dei lokale verksemdene seg derimot ut frå resten av regionen. I Etne og Vindafjord kvitterer stadig fleire bedrifter med eit positivt driftsresultat samanlikna med resten av regionen, seier Larsen. 

Det er særskilt teknisk tenesteyting og eigedomsdrift, personleg tenesteyting, og bygg og anlegg som har vore dei dominerande bransjane blant dei nyetablerte bedriftene lokalt i Vindafjord og Etne. 

- Det er blitt "in" å vera gründer

Det er blitt billigare og enklare å starta bedrift enn tidlegare, då særleg aksjeselskap. Auken i  nyetableringar har vore ei nasjonal trend dei siste åra, og årsakene til denne utviklinga kan vera mange, meiner Larsen. 

- Med oljekrisa som slo inn hausten 2014, måtte også mange sjå seg om etter nye moglegheiter. I tillegg har det over fleire år vore ei kulturendring rundt det å starta eiga verksemd i Noreg. Å vera gründer er blitt normalisert. Gründerprogram og ungt entreprenørskap i skulane kan nok også ha spelt inn på denne utviklinga her lokalt, seier Larsen.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details