Ein aktivitetshall for alle

I haust opna Frisk Treningssenter den nye Cageball- og aktivitetshallen i Ølen. Nå er bookinga open og dei vonar å tilby eit enno breiare aktivitetstilbod til både medlemmar og folk elles.

 

Den nye Cageball-hallen held til i garasjelokala ved sida av Frisk, og i sommar har det gått med utallege arbeids- og dugnadstimar for Andreas Hustveit for å få fasilitetane, som og rommar kjøken og toalett, i orden. Sjølve Cageball-bana er på 12x20 meter og kan leigast til fotball og andre aktivitetar. Lokala kan leigast av enkeltpersonar eller grupper frå 45 min til 2 timar og ein kan booke fast treningstid om ønskeleg. 

– Me vil leiga ut til ungdom og vaksne som ønskjer å møtast utanom organiserte aktivitetar for å spela fotball eller andre aktivitetar, seier Andreas Hustveit, som er dagleg leiar for Frisk Treningssenter

Både barnebursdagar og teambuildingar

Så langt har treningssenteret leigd ut hallen til ikkje mindre enn to 70-årsdagar, fleire barnebursdagsselskap, og andre private samlingar. Omega har allereie booka seg inn med fast treningstid for lågterskel fotball med høg konkurransefaktor.

Så langt har treningssenteret leigd ut hallen til ikkje mindre enn to 70-årsdagar, fleire barnebursdagsselskap, og andre private samlingar. Foto: Økland Foto.

- Me har hatt ein del triksing og fotball i gangane hjå Omega, og nå var det på tide å få til litt meir organiserte samlingar der konkurranseinstinktet kunne få utløp, seier Jan Christian Brataas som er avdelingsleiar i Omega. Han har saman med kollega Johnny Vik tatt initiativet til å samle dei som ønskjer å delta frå Omega til fotballoppgjer kvar veke. Dei har sett opp eit poengsystem der kvar spelar og vinnarlag får poeng.

- Så får me sjå til årsslutt kven som kjem ut på topp i tabellen, seier Brataas og legg til at dei på sikt kunne ønskt seg å starte ein bedriftsserie med andre bedrifter i distriktet.

- Me har laga oss reglar mot å takle, sklitakle og skyte hardt, men litt godmodig harselleing mot dei som ikkje stikk av med sigeren kan me ikkje sjå bort frå, legg Johnny Vik til.

Open for booking

Prisen på booking varierer ut i frå om det er på dag- eller kveldstid, eller om det er utleige i helgane. Bookinga gjer ein på treningssenteret si nettside.

- Her er alle velkomne og ein treng ikkje vere medlem for å booke hallen, presiserer Hustveit.

- Me håpar enno fleire ønskjer å nytte seg av tilbodet og ser spesielt mot dei uorganiserte aktivitetane, seier Hustveit.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details