Effektive arbeidsdagar heime

PÅ HEIMEKONTOR: Modgunn Nesheim opplev effektive dagar på heimekontoret, samstundes rosar ho alle som dei siste vekene har vore både småbarnsforeldre, lærarar og arbeidstakerar på ein gong.

Namn: Modgunn Nesheim

Bedrift: Jakob Hatteland Computer AS 

Stilling: Supportkonsulent

Kvifor jobbar du frå heimekontor?

Fordi då kan eg hoppa rett frå senga til kontorstolen.  Neida, for å bidra til mindre risiko for spredning av COVID-19. Syntest det var heilt rett at ein innførte heimekontor for alle som har moglegheit til det. Eg har kun vore heima dei siste tre vekene (utanom obligatorisk matvareinnkjøp),  noko som føles heilt rett i denne store dugnaden me befinn oss i. 

Kvar jobbar du frå?

Eg brukar rommet til sonen vår Sander. Det fungerer fint sidan det allereie var pult og kontorstol der. 

Korleis er det for deg å utføre ditt arbeid frå heimekontoret?

Første dagen på heimekontor jobba eg på laptop en, men fann fort ut at det ikkje kom til å fungera i lengden. Etter eg henta utstyret eg brukar til vanleg på jobb (to skjermar, dockingstasjon og headset) så går det veldig fint.

Beskriv ein typisk dag på heimekontor:

Eg startar arbeidsdagen ca kl. 8. Først sjekker eg epost, interne meldingar i Rambase som er systemet eg jobbar i og har kundesupport på, og status på innkomne saker frå kundar. Klokka 08:30 kvar morgen har me eitt 15 minuttars statusmøte via Teams som me kaller ‘Huddle’. Her tar me opp ulike saker som kundar har meldt inn. Me har korte demoar av ny funksjonalitet og prøver generelt å halde kvarandre oppdatert på kva som skjer. Resten av dagen jobbar eg med support til kundar og/eller internt, testing av ny funksjonalitet, set opp nye databaser til kundar eller gjere tilpasning i eksisterande databasar, diverse møter via Teams, deltar på demoar, har opplæring og meir. Elles blir det litt prat med ungane innimellom sidan dei også er på ‘heimekontor’. Eg har ein 10. klassing og ein student. 

Har du hatt nokre utfordringar med heimekontoret?

Nei, har ikkje hatt nokre utfordringar i det heile tatt. Sidan eg brukar Teams når eg pratar med kollegaer og til møteverksemd, så føles det ikkje så einsamt å sitja på heimekontor som ein gjerne skulle trudd det var. Men har lyst å nemna at eg beundre alle der ute på heimekontor som i tillegg til å jobba, har småungar som dei skal underhalde og passe på, og i tillegg har større ungar som dei må vere lærarar for. All respekt til dei og utfordringane deira!

Har du oppdaga nokre fordelar?

Meir arbeidsro på eit vis. Eg føler eg har hatt gode og effektive arbeidsdagar så langt. Også er eg nok litt meir ajour med å holde vaskemaskina i gang enn ellers.  At kvardagen har endra seg merkar eg mest etter arbeidsdagen er over, at klokka ikkje styrer like mykje som før. Ingen i familien har særlege planar, så det blir god tid til speling, prat, trim og fjellturar.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details