Ønskjer å fremme nytteverdien av vegprosjekt

- Me må sjå heile strekningar i eitt, understreka Helge Orten (H), leiar for transport- og kommunikasjonskomiteen då han møtte lokale politikarar og representantar frå næringslivet denne veka.

 

Orten oppmoda til å rette fokus mot heile strekningar og ikkje enkelte prosjekt, då blir også samfunnsnytten tydlegare.

- Me må sjå heile strekningar under eitt, og me må gi handlingsrom til anten Statens Vegvesen eller Nye Veier, alt etter kven av dei som bygger ut, til å bruke faglege argument på korleis dei vil utvikle strekningane, seier Orten.

Orten meinar at det blir viktigare å tenke overordna strategisk rundt Nasjonal Transportplan, der det å auke nytteverdien i kvart enkelt prosjekt vil få meir fokus. Nytten kan aukast på fleire måtar, til dømes ved å få ned kostnadane, redusere reisetida og auke trafikktryggleiken.

I møtet med representantar frå Etne og Vindafjord sine høgreparti, Asbjørn Moe dagleg leiar i Fikse Næringsforening, Sigve Lervik frå Hustvedt & Skeie, og Øystein Matre administrerande direktør i Westcon torsdag var agendaen E134 og det å velje lønsame vegprosjekt som har positiv samfunnsnytte.

- Me ønskjer at lønsame prosjekt blir prioritert. Spesielt nå når ein må sjå meir på rassikring, er det viktig at ein vel å ta pengane frå mindre lønsame strekningar og ikkje dei strekningane der utgreiingar viser positiv samfunnsnytte, fortel dagleg leiar i Fikse Næringsforening, Asbjørn Moe.

Bakka - Solheim

Det vart og sett fokus på prosjektet Bakka-Solheim og spesielt strekninga frå Ølen til Stordalen som er ein av dei mest utfordrande strekningane frå Haugesund til Seljestad.

- Lokalt ønskjer me spesielt å sette fokus på strekninga mellom Etne og Ølen i Bakka – Solheim-prosjektet, og ønskjer ny veg frå Etne til Stordalen. Dette vil me ha inn i Nasjonal Transportplan, seier Moe. 

Orten fekk sjølv erfare strekninga frå Ølen til Stordalen då han etter møtet fekk skyss med eit av vogntoga til Hustvedt & Skeie frå Fatland og austover.  

Regional forankring

Regjeringa jobbar framover, i nært samarbeid med regjeringspartia på Stortinget, mot å fatte vedtak rundt kva prosjekt som skal inn i porteføljen til Nye Veier som er eit statleg eigd aksjeselskap som har i oppgåve å planlegge, bygge og drifte hovudvegar. I tillegg skal dei sjå på korleis ny Nasjonal Transportplan vil sjå ut i 2021.

- Då er det berre tida og vegen å gå for å jobbe med desse prosjekta fram til det, og det er viktig å få aksept i regionen for å prioritere opp E134 og strekningane, oppmoda Orten både næringslivsrepresentantane og lokalpolitikarane til.

- Det er ikkje nødvendigvis mykje me får gjort i løpet av eit møte, men samla sett får me løfta fram prosjektet og strekninga over lengre tid. For ti år sidan kunne besøkande Stortings- og regjeringsrepresentantar lite om E134. Nå kjenner dei samfunnsnytta ved strekninga, seier Moe.


Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details