– Me har laga til nye cellekontor i 1. og 2. etasje, så dei som jobbar her har skjerma arbeidsplassar sjølv om dei er del av fellesskapen i næringshagen. Kvart cellekontor har fått namn frå ein lokal stad i Sandeid og me har også brukt gamle bilete frå Sandeid i interiøret elles, fortel Furseth.
Næringshagen fordeler seg over tre etasjar og rommar no over tolv bedrifter. Fordelane med å vere fleire bedrifter samla, er mange, framhevar Furseth.
– At fleire bedrifter sit saman, har skapt nye bedrifter og fleire arbeidsplassar. Me er gode på å dele idéar, dele råd og bygge kvarandre opp. Utfordringane og spørsmåla nokon står ovanfor, har andre vore gjennom før. Fleire tør å satse når ein vert heia fram av folk som har vore gjennom prosessane tidlegare. Me hadde ein draum om å skape eit slikt miljø som kunne skape vekst i Sandeid, og denne draumen har no blitt ein realitet.
Eit nyoppussa kjøken med opphaldsrom er eit naturleg samlingspunkt i næringshagen, både over ein kopp kaffi og til den populære vaffelstunda på fredagane. I kjellaren er eit green room under oppbygging, som fleire bedrifter ser fram til å dra nytte av.
– Mellom anna Riggutdanning.no og AdmMit driv med kurs over nett, så å ha dei tekniske løysingane for å få dette til på best mogleg vis, er noko som vil styrke oss. Dette rommet vil alle bedriftene ha tilgong til, og er eit nyttig verktøy både for videokonferansar og undervisning.