Det vart Ei Heiso Reis mot finalen

Dagen starta med oppmøte på kaien i Skånevik, før turen gjekk vidare med seglskuta «Seladon». Undervegs til Ølen fekk laga bryna seg på mellom anna sjømannskap og knutar. De siste var ikkje heilt lett, som bildene viser. Før dei klappa til kai i i Ølen sentrum var det eksamen på det dei hadde lært. 

I Ølen venta det ein utfordrande quiz og godt med publikum i samband med vindafjordbøndene sitt arrangement Vil Vekst i Sjoargata. Rette svar i quizen gav siffer til kodelåsen på syklane som venta ved det gamle kommunehuset i Ølen. Sifra vart utdelt i tilfeldig rekkjefølgje, og kvart lag måtte prøva seg fram til dei fann sin kode og fekk låst opp alle fem syklane. 

Stillinga endra seg

Så var det reiso vidare. Den fann laga ved å løysa rebusen dei fekk utdelt. Tre lag la på sprang til syklane samstundes: Frisk, Småfolk og Tveit Maskin. Opp bakkene på turvegen mellom Ølen og Etne, hadde det endra seg litt. Frisk framleis først, medan Nordbo tok igjen Helgevold Elektro. 


På Fikse venta ei kulinarisk utfordring ved Vaffelhytta: Lag vaffelrøre utan oppskrift, steik ei plate til kvar av deltakarane på laget, pluss ei til dommarane. Laga måtte venta til alle deltakarane var på plass. Undervegs endra stillinga seg noko, med Frisk fortsatt i tet og Småfolk som siste lag ut. Men dommarpoenga frå Torleif Heggebø og Gjertrud Helland, vil også påverka stillinga når laga går i gang med finalen. Både kvalitet og tid var teljande. 

Vegen vidare og neste mål måtte finnast via ein rebus. Alle laga fann rimeleg raskt ut at Fugl Fønix Hotell i Etne var neste stopp, og då gjekk det unna nedover bakkane. 

- Vi skal vel ikkje til Fjæra, ropte Tveit Maskin-laget i det dei suste forbi fotografen på veg ned frå Fikse. 

På hotellet var det pause på terrassen i finvêret medan ein venta på at alle laga skulle komma til sentrum. Neste post var utfordring av hjernen med oppgåver i galleriet til Jan Terje Rafdal. Deretter bar til Skakkesenteret der klokken var starta att. 

Til topps i klatreveggen

Høgt hang dei, men sure var dei ikkje då ein frå kvart lag måtte til topps i klatreveggen med god støtte frå Klatregruppa. I toppen av veggen hang rebusen som skulle gje laga retninga for den vidare ferda. Første lag ut mot Kambe og opp til Varleite var Frisk, følgd av Helgevold Elektro og Nordbohus. 

At laga skulle til Villmarskcampen i Skånevik, fekk dei ikkje vita før dei kom til topps på Varleite. Der venta Etne Røde Kors med oppgåver som vart belønna med kart til leiren. For å komma seg inn i leiren måtte laga løysa ei inngongsoppgåve, og Frisk var første lag i mål. 

Så var det endeleg tid for å pusta ut litt, fylla på med mat og drikke og lada opp til finalen med ei rekkje fysiske oppgåver. Her startar alle likt i utgangspunktet, og det er ikkje nødvendigvis laget som er kjappast som vinn. Innsatsen på dei tidligare etappane vil og telja med når vinnarlaget skal kårast i løpet av kvelden. 

Fleire bilder og oppdatering frå finalen finn du HER


Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details