Både Etne og Vindafjord kommune fekk tidlegare i haust ny tildeling med statlege koronamidlar. Målet med tildelinga var å hjelpe lokale verksemder som er særs ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Vindafjord kommune delte ut totalt 585.000 kroner i denne potten, medan Etne kommune hadde i denne runden 533.000 kroner til utdeling.
Bedrifter som fekk støtte i Vindafjord:
- Frisk Treningssenter fekk 65.000 kroner
- Fikse Næringsutvikling, Ølen Gjestegård, Vikedal Kro og Motell og Nesheimstunet fekk 55.000 kroner.
- Ølen Kulturhus, Frøken Fryd, AdmMit og Ålreit AS er tildelt 40.000 kroner.
- Unni Marie Rosemaling og Christiansen AS har begge fått 30.000 kroner.
- Plassbakeriet, Moa Hundseid`s expeditions, Urmaker Arnestad, Ebnes Hagesenter, Handelshuset Ølen og Hans og Grete Ølen er alle tildelt 10.000.
Bedrifter som fekk støtte i Etne:
- Etne Camping og Old River Village fekk 78.000
- Fugl Fønix 78.500 kroner
- Etne Senterforening fekk 70.000.
- Fikse Næringsutvikling fekk 61.500,
- Åkrafjorden Oppleving og Skånevik Fjordhotel drift fekk kvar 50.000 kroner.
- Diamanten Frisør mottok 32.000
- Skakke Røykeri vart tildelt 35.000 kroner.