Desse blir med i Nerheim-selskapet

Det nye utviklingsselskapet for næringsområdet på Nerheim blei stifta i går. Vindafjord kommune, Biovind AS, Vikedal mur og anlegg og Tveit maskin AS har kjøpt seg inn i selskapet.

Kommunen inviterte næringslivet inn i arbeidet med å skape vekst og utvikling i det ferdig regulerte området på 100 mål. Utviklingsselskapet vart stifta i eit møte måndag, og godkjent i formannskapet i dag. Framover vil det bli sett ned eit styre i selskapet, og deretter skal selskapet greie ut for korleis området skal utviklast vidare.

-Me er godt nøgde med at selskapet er stifta, og det blir spanande å sjå kva ein skape i området. Først og fremst må det nye styret på plass før ein kan seie meir om korleis ein ynskjer å utvikle området, seier samfunnsutviklar i Vindafjord kommune, Anne Sofie Sandvik

Vindafjord kommune kjem til å eige 49  prosent av aksjane i det nye selskapet, Vikedal Mur og Anlegg eig 11 prosent, Tveit Maskin 7 prosent, og Biovind 33 prosent. Bak initiativet Biovind AS står Rune Furseth som i 2014 tok fatt på å sjå på moglegheitane for å utvikle biogass av avfallsmateriell frå slaketeriavfall og husdyrgjødsel. Vikedal Mur & Anlegg driv med graving og transport med utgangspunkt i Vikedal i Vindafjord, medan Tveit Maskin AS er eit entreprenørfirma med base i Ølensvåg.

- Det er eit stort potensiale i dette området som ligg midt mellom Sandeid og Ølen. Når ny vegtrase er på plass i framtida vil også plasseringa bli endå meir sentral, uttalte ordførar i Vindafjord kommune, Ole Johan Vierdal (Sp) tidlegare til Medvind24. Han peikte også til prosjektet om å legge ny trase av E134 frå Bakka til Solheim. Den nye traseen vart vedteken lokalt i Vindafjord og Etne i 2015, men prosjektet er framleis ikkje prioritert i Nasjonal Transportplan.

 

 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details