Den viktige vaksinen
Kavalkade 2021: Sjeføkonom i DNB Markets, Kjersti Haugland, meiner utrulling av korona-vaksinen var noko av det viktigaste som hende i 2021. No er ho spent på om pandemien fører til ny uro i finansmarknaden.
– Kva hugsar du best frå 2021?
Kva hugsar du best frå 2021?
-
Medvind24 har spurt sentrale personar frå næringslivet om kva dei hugsar best frå 2021 og kva dei drøymer om for året som kjem.
- Først ute er Kjersti Haugland. Ho er frå Ølen og jobbar i dag som sjeføkonom i DNB Markets.
– Eg hugsar best den seige vinteren, med konstant heimekontor og mange andre koronarestriksjonar, og den store festen knytt til gjenopninga i september. Då var gleda stor!
– Kva var det viktigaste som skjedde for di bedrift i fjor?
– Det viktigaste som skjedde for alle bedrifter vil eg tru var utrullinga av vaksinene, og den sjansen me då fekk til å opne samfunnet igjen.
– Kva blir den største utfordringa for neste år?
– Koronapandemien ser diverre ut til å vere med oss som ei utfordring, særleg i vinter. I tillegg er det ein risiko for at den amerikanske sentralbanken må trø skikkeleg på bremsen for å få kontroll på inflasjonen. Det kan i så fall føre med seg mykje uro i finansmarknadane.
– Kva er ditt største ønskje for 2022?
– Det er at me får bukt med pandemien, ein gong for alle, og at me igjen kan ta for gitt å ha ein normal kvardag utan inngripande restriksjonar.