Den nye fjordentreprenøren


- Ideen og marknaden har vore der lenge, så fekk eg nyss i at alt dette utstyret kom for sal og kjøpte dette i august, fortel den unge, mange-gründeren Lærdal. 

Fjordentrepenøren kan gjera det meste av arbeid frå sjøen. Dei kan grave og sprenge ut tomter til naust, støype, lage brygger, bygge natursteinsmurar, lage til båttrekk, peling, frakt av material og enno mykje meir. 

Lærdal har fått tak i ein godt utstyrt lekter frå ein som har vore i bransjen i over 20 år. 

-  Lekteren er godt utstyrt med alt me treng. Der er mellom anna gravemaskin, blandeverk til betong og krane. Me legg oss til ved land med lekteren for å gjera jobben der oppdraget er, fortel han. 

Dei driv i hovudsak med rehabilitering og montering av nye brygger og ein typisk kunde er folk som har kjøpt eller arva eldre sjøeigedom som vil pusse opp naust, kaianlegg eller har brygger som er moden for utskifting.

I hovudsak jobbar dei for privatkundar, men nokre oppdrag kjem frå bedrifter og kommunar i området.

- Akkurat nå skal me i gong med å skifte blandeverket, sånn at me får med betongpumpe. Dermed vil me kunne ta enda meir krevjande jobbar langs sjøen.

Hovudbedrift

Lærdal Maskin som driv med alt innen graving, sprengning, transport og muring, vil forsetja å vera 25- åringen si hovudbedrift, der er dei nå fire tilsette og ein lærling, men mykje av drifta vert basert på innleige av personale i tillegg. Trass i at dei fekk ein knekk i vår grunna korona har året vore tåleg, og etter nokre få månadar med usikkerheit fekk dei ein god del av oppdraga som stod på blokka i gong att. Alt i alt vart året greit for Lærdal Maskin. 

Dei har ofte oppdrag som underentreprenør under landsdekkande entreprenør Bertelsen & Garpestad og er mykje på reis.

- Dei fleste har kanskje inntrykk av at me stort sett jobbar langt vekke, så me har ikkje så mange førespurnadar for oppdrag her lokalt, men me har to tilsette tilgjengelege for oppdrag som å grave ut hustomter og andre oppdrag her rundt dørene. 

God start

Image
Brygge laga av Fjordentrepenøren. Foto: Privat

Det er allereie travelt hjå Fjordentrepenøren, og dei har fått ein betre start enn dei hadde venta. Nå held dei på med å fylle kalenderen for sommaren 2021.

- Våren og sommaren er den beste tida for denne type jobbar og det er på grunn av at då er fjæra best, seier Lærdal men presiserer at dei tek oppdrag heile året.

Seljaren av lekteren Osvald Hebnes ønskja å trappe ned litt, men jobbar nå saman med Lærdal og bidreg med sin kompetanse og erfaring. Han har hatt sitt arbeidsområde i Krossfjorden, som er samlebegrepet for området kor fjordane Vindafjord, Yrkesfjorden og Sandeidsfjorden møtes. Lærdal ønskjer å fortsetja i same område, samt utvide. Han ønskjer nå å kunne ta oppdra frå Stavanger i sør til Bergen i nord.

- Me er på jakt etter fleire medarbeidarar og vil oppfordra interesserte til å melda seg, og me skulle gjerne hatt ein lærling innan betongfaget med på laget, avsluttar Lærdal.  

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details