- Me er i gong med demontering av mellom anna propellanlegg og styremaskin, og nye deler er under bestilling, fortel prosjektleiar Geir Igland.
- Kor lenge ferga blir liggande er vanskeleg å seie noko om, men så snart delane er på plass, så skal me få arbeidet gjort. Gjengen i dokka og nokre personar frå mekanisk avdeling er involvert i reparasjonsarbeida; totalt 10-12 personar, legg han til.
Medan ferga likevel ligg i dokk har reiarlaget Norled bestemt seg for å gjere unna anna arbeid som var planlagt utført seinare i år.
- Det er planlagde vedlikehaldsoppgåver som me ikkje nødvendigvis måtte ha gått i dokk for å få utført, men som me uansett måtte ha gått til kai for å få utretta, og då er det like greitt å nytte tida no når ferga er ute av drift, kommenterer chiefen om bord, Trygve Kjeka.
Russerdokk
- Westcon Dokk blei kjøpt frå Murmansk i 1997 og tatt i bruk i juli same året. Den gong Sandfrakt, no Arriva Shipping, var første kunde, minnes avdelingssjefen for skipsreparasjonar, Georg Matre.
- Sandsund var første båt i dokka. Seinare har to-tre båtar vore innom kvar månad, i snitt nærare 30 båtar i året fram til nummer 500, MF Hardingen, som ligg der no. Liggetida er i snitt 8-12 dagar, men me har hatt båtar liggande alt frå ein dag til 6-7 veker. Kapasiteten har vore godt utnytta, men me har framleis plass til fleire, seier avdelingssjefen.
Godt nøgd med utnyttinga
- Investeringa i denne dokka har gitt godt med arbeid, og utan den hadde me truleg vore ute av denne marknaden i dag, trur Matre.
- Med den utviklinga me ser i dag, med stadig større båtar, så ser eg ikkje bort frå at me ein gong i framtida må investera i endå større dokk. Westcon Dokk kan ta imot båtar på opptil 7500 tonn. Større båtar må me ta inn til verfta i Karmsund eller Florø, som har kapasitet til å ta imot skip på høvesvis 15 000 og 25-30 000 tonn, fortel Matre, som i tillegg kan tilby kundane sine dokking i den mindre dokka Ølen Dokk i Ølensvåg og ved Westcon sitt verft på Helgeland.
Ferger og supplyskip
Ferger og supplyskip er dei mest typiske båtane som blir dokka i Westcon Dokk. I starten var det òg ein god del ankerhandteringsskip, men desse båtane er blitt for store for denne dokka. Desse må dokkast ved verfta i Karmsund eller Florø.
- Dei aller fleste oppdraga gjeld planlagde klassingar og vedlikehald, men òg havari – det vera seg grunnstøytingar, maskinhavari, problem med propellar og ror, oppsummerer Matre.