Aslak Sira Myhre er klar for Olalia

Tidlegare politikar, kraftkommunist og kulturadministrator Aslak Sira Myhre er første namn på plakaten for årets Nærinsgiv på Olalia.


Aslak Sira Myhre blir å møta på Olalia 27. april. Foto: Nasjonalbiblioteket. 

Alle med eit hjarte for næringslivet i Vindafjord og Etne er for tredje gong inviterte til konferanse på Olalia Fjellstove. Avgong er frå Opheim blir klokka 12.00 27. april, og i spissen til fjells går Aslak Sira Myhre. 

- Myhre er eit retorisk fyrverkeri som grip publikum frå første stund. Både som politikar, forfattar og samfunnsdebattant har Myhre med seg ei rekkje spanande tankar om norsk næringsliv og verdiskaping, fortel Asbjørn Moe i Fikse Næringsutvikling. 

Myhre er tidlegare partileiar av Raud Valallianse, har vore leiar av Litteraturhuset og er i dag i dag direktør for Nasjonalbiblioteket. Han har også gjeve ut fleire bøker, mellom anna «Herskap og tjenere», som omhandlar norsk oljeindustri og den norske oljerikdommen. 

Han er første namn spikra på Næringsgiv-plakaten i år, men fleire spanande namn er i emning. 

- Me følgjer same oppskrift som tidlegare år; ein kombinasjon av fag og feiring, nasjonale headlinarar og lokale næringslivstoppar, lettbeint underhaldning og god takhøgde, seier Moe. 

Med sponsorane Haugesund Sparebank, Sparebank 1 SR Bank og Etne Sparebank i ryggen, har arrangør-trioen Fikse Næringsutvikling, Grannar og Medvind Næringshage dei siste to åra trekt omlag 100 deltakarar til konferansen. 

Blant tidlegare namn gjester er Ingebrigt Steen Jensen, Elin Ørjasæter, Atle Berge i Ølen Betong og Karl Johan Lier i Hatteland. Meld deg på her!

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details