- Ikkje dans. Skjer kjøt.

- Noreg har alltid sett etter noko nyare og finare å leva av: Bilindustri, mobilutvikling, design eller kultur. I mellomtida blei me verdsleiande på olje, industri, landbruk og havbruk. Heldigvis fekk me aldri verken Nokia eller Volvo. Og heldigvis er me elendige på design.


- Kor mange legg seg om kvelden og tenkjer "åh,  om eg berre kunne blitt kjøttskjerar eller fått vaska golv!  Det hadde vore fint det…". Det er veldig få som gjer det, og om dei gjer det bør dei kanskje få snakka med skulepsykologen… Men i arbeidslivet, i arbeidarklassen i alle fall, har  det vel aldri handla om kva ein drøymde om. Det er eit enkelt byteforhold: Du får arbeidstida mi i 8 timar,  til gjengjeld får eg penger av deg. Eg selg arbeidaskrafta mi, du kjøper han. Kvifor kjøper nokon arbeidskrafta di? Jo, fordi dei treng det.

Aslak Sira Myhre tok i kjend stil eit saftig oppgjer med både offentleg ordskifte og ein feilslegen illusjon om norsk økonomi og framtid «etter olja», då han entra scena på Olalia under NæringsGiv 2017. 

- Olje og gass er redusert til eit spørsmål om utslepp. Industrien, havbruket og landbruket er blitt noko avleggs me ikkje skal snakka om. Men det er olje, gass, fisk, håndverk og landbruk me har levd av og framleis skal leva av. 

Under tittelen «Ikkje alle kan vinna idol», tok den tidlegare Rødt-politikaren tak den offentlete samtalen kring norsk økonomi, samstundes som han passa på å setja det norske sjølvbilde på plass. 

- Den største trusselen mot norsk økonomi er samtalen om han, der me har skapt ein idè om at oljerikdom, havbruk, industri og landbruk er fæle saker og noko me må komma oss bort frå snarast. Det er noko som høyrer fortida til. Besteforeldra våre dreiv med slik. Dei blei skitne på nevane, slapp ut ting i naturen og bygde ut fossar. Men me er blitt klokare, penare, meir vellukka, meir utdanna og me skal leva av noko anna. Me skal liksom leva av papir, åndsverk og idear, kunst, kultur og design, påpeikar Myhre som samstundes drar han debatten ned på individnivå. 

Det er opplest og vedtatt at det å driva jordbruk i Noreg, det å dyrka jorda, ha ein fjos med dyr, bruka utmarka, det er noko me i beste fall gjer fordi me har råd til det. Fordi me trenge noko busetjing «der ute». Matvareproduksjon, det ser me på som litt sånn luksusting. Finansforvaltning derimot – tipp topp. Kjempegreier..

Myhre røskar i alle som trur det er viktigare å følgja draumen enn å vaska golv som levebrød. 

- Me lev i ei førestilling om at me skal alle få lov til å følgja og leva av draumane våre, «dans og drama». Der er ei førestilling om at ein kan leva av finans, kunst og kultur. Berre følg draumen din, så kjem pengane som fortent. Men prøv då heller for guds skuld å bruka hovudet og kroppen din til noko som andre treng. Til bruk for andre og samfunnet. Denne tankegangen er i ferd med å forsvinna, poengterer Myhre.

…og kor er Nokia nå? 

Debatten om kva me skal leva av «etter olja» er science fiction, meiner han. 

- Nyleg var eg på eit møte i kulturdepartementet, der det i fullt alvor blei sagt at me i framtida skulle leva av kulturdata; digitalisering av gamle aviser og bøker. Det er mest på linje med hipsteren som påsto at me skulle leva av øl og ølbrygging. Eller han som påsto at klarna smør var den nye olja. 

Norsk næringsliv og teknologiutvikling fekk ein velfortjent boost frå Myhre: - Me finn opp teknologien som kinesarane og amerikanarane bruker, og me sel han ut. Dersom nokon prøver å kopiera han,  så kjem det stadig nye katastrofeprosjekter tilbake, fordi det er ikkje eingong har kompetansen til  å kopiera det me har fått til. 


Myhre spolar tilbake til 70-talet og peikar på at den offentlege debatten gjennomgåande har vore prega av eit jag etter å finna nokon flottare, reinare og meir eksklusivt å leva av.

 Ressursane me har levd av og lev av har aldri vore i Oslo. Dei ligg i distrikta. Me er avhengige av distrikta. Det er kysten me treng, ikkje innlandet. Olje, gass, fisk, handverk, landbruk. Det er det me har levd av og skal leva av. Det er ingenting som blir eksportert ut av Oslo. Om du ikkje reknar Jens Stoltenberg som eit eksportprodukt.

- Den gong skulle me absolutt leva av noko fint i utlandet. Det var Volvo, Saab og Sverige. Det dei hadde i Sverige skulle me leva av. All norsk debatt handla om at me i Noreg var udugelege: me hadde ikkje storindustri, me hadde berre landbruk og råvareproduksjon, i Sverige hadde dei alt, der hadde dei Saab og Volvo. Når me fann olja, gjekk regjeringa, norske leiarar i Hydro og øvrig næringsliv til svenskane og tilbaud dei halvparten av oljeressursane våre i byte for halvparten av aksjene i Volvo. Svenskane sa ja, Gyllenhammar nei. Takk og lov for det. 

Og trenden i det offentlege ordskifte haldt fram gjennom både 80-og 90-tal. Det var framleis det fine og flotte i Sverige og Finland som var målet for norsk industri. 

- Også på 90-talet då eg sjølv var med i politikken var dette alt den politiske debatten gjekk ut på. Det var Nokia og Ericsson. Snakka dei om olje? Industri? Landbruk? Havbruk? Nei. Heile det norske politiske sjiktet var viljuge til å droppa alt om me berre kunne få ein mobilfabrikk. 

Trass stadige mageplask i utanlandsk industri som Noreg har sikla etter, har me ikkje lært. Framleis lev me i ein utopi om at det er i utlandet og storbyane me skal finna grunnlaget for den framtidige verdiskapinga. 

- Lenge sidan nokon av dykk tok opp Nokia-telefonen dykkar? Fått mykje bruk for Ericsson-ladarane dykkar i det siste? Nei, det gjekk rett i dass. Men nå er de design det gjeld. Svenskane og danskane kan dette med design, me er så dårlege på det i Noreg. Og takk faan for at me er så dårlege på design. 

Ein prestasjon 

- Det er skapt ei førestilling om at me som land er tilbakeliggande, og den blir dyrka fram gang på gang. Sanninga er at fem millionar menneske i Noreg har blitt verdsleiande på teknologi knytt til olje og gassutvinning, minner Myhre om. 

Me kan ikkje leva av å flytta papir, jobba med kultur eller investera. Me har alltid levd av å forvalta norske naturressursar. Hadde me ikkje hatt så mykje skog, så mykje regn, så mykje fisk i havet eller olje og gass i Nordsjøen hadde me ikkje levd her. Verda handlar med oss fordi me produserer noko folk treng: Fisk, landbruk og industri. Likevel dyrkar folk ein heilt annan idè om kva me skal leva av.

Medan politisk debatt og riksmedia frå Oslo-gryta har retta store, våte augo ut mot naboland og resten av verda på jakt etter framtidig næringsliv, har Noreg bygd seg opp på å bli fremst innan fleire av verdas største næringar, poengterer han. 

- Me har utvikla verdas reinaste og mest teknologisk avanserte aluminiumsindustri. Det same gjeld utvikling av gjødselproduksjon. Yara er vårt største internasjonale selskap, ikkje Statoil. På same tid har me funne opp havnæringa. Me utviklar det framleis, og satsar meir enn før på nyutvikling av havbruket. Og me har eksportert dette! Ikkje løye me ikkje hadde mobiltelefonar eller bilindustri. Me gjorde dette! På same tid klarte me å oppretthalda matvareproduksjonen, spreidd busetjing og bruk av heile landet. Det er ein prestasjon. Ta deg ein tur i distrikts-Noreg og du møter folk overalt. Reis på landet i Sverige og du møter ingen. 

- Eg drøymde om å bli landslagsspelar. Eller stå å preika framfor store forsamlingar, innrømde Myhre. Slik sett fekk har draumen oppfylt på Olalia under NæringsGiv. 

Knuser draumar 

«Ikke følg drømmen din» var tittelen på Myhre sin mykje omdiskuterte kronikk frå september i fjor. Her tok han eit oppgjer med ei stadig dominerande innstilling om at alle skal få leva ut draumen sin, og helst ha denne som eit levebrød. 

«Du kan male, danse eller lage smykker på fritida og. Arbeidslivet er ikke laga for at folk skal realisere drømmer. (...) Lønna du får for å vaske gulv, være lærer, tømme søppel eller jobbe i butikk, for å nevne noe, skal være høy nok til at du kan hente glede i fritida di,» skreiv han. 

Og responsen lot seg ikkje venta. 

- Eg trur aldri eg har fått så mykje kjeft i heile mitt liv, fortel Myhre, som ikkje let seg tia av den grunn. 

- Nordmenn kan ikkje leva av design, kunst og finansforvaltning, men av det me har levd av i alle år og som me er verdsleiande på: olje, gass, havbruk, landbruk og teknologien me har utvikla i desse næringane. Me skal leva av norsk  fagkompetanse. 

Myhre flyttar dermed diskusjonen om norsk framtid «etter olja», over på individnivå. 

Tenkt om alle som likte å synga fekk jobba med å synga. Det hadde jo sjølsagt blitt jysla dyrt for nokon måtte jo betalt for å høyra på driten. Prøv å bruk hovud og kroppen til noko andre treng. Alt skal ikkje handla om deg.

- Normenn har arva denne draumetanken frå amerikansk kulturindustri. Det som ein gong var den amerikanske draumen, nemleg å jobba hardt, sveitta, bli skiten på nevane, driva ein gard eller byggja opp ei bedrift, er flytta over til «dans og drama». Det er nærast blitt ei sanning at om du drøymer om å bli noko har du krav på å få bli det. Og det er jo ingen som drøymer om å vaska golv eller skjera kjøt. Ein drøymer om å dansa eller syngja. Eg har drøymt om å spela på fotballandslaget i 40 år, men det er jo ikkje noko argument for at eg faktisk skal få gjera det, seier Myhre. 

Han er klokkeklar i si oppmoding til både unge som kan få moglegheita til å bli ei i brikke i det norske maskineriet som er viktigast av alt: Maskineriet som faktisk produserer noko. 

- Prøv for guds skuld å bruk hovudet og kroppen din til noko som andre treng. Til bruk for andre og samfunnet. Dette er i ferd med å forsvinna. Faren for å ikkje rekruttera fagarbeidarar er det største problemet, det å ikkje få denne kompetansen inn i arbeidslivet. For mistar du den, må du starta på scratch. Me treng den norske fagkompetansen. Arbeidslivet har aldri handla om kva du drøymde om. Det er eit enkelt bytteforhold. Du får arbeidskrafta mi i byte mot pengar. Fordi nokon treng at du skjer kjøt. Skjer kjøt. Ikkje dans. Ingen treng det.  

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details