ASK Bobilparkering best i Noreg

I løpet av 2016 var 710 bubilar innom ASK bubilparkering i Ølensvåg. Allereie har besøkstalet i 2017 år passert fjoråret, og gjestene har gjeve sin dom: ASK er Noregs beste bubilplass.


Den beste bubilplassen i landet ikkje så synleg til, men har truffe målgruppa, og det til gangs. ASK Bubilparkering på Gjerdevik i Ølensvåg blei kåra til noregs beste i Norsk Bobilforening si første kåring. 

Vertskapet på ASK Bubilparkering, Marianne og Oddvard Opstvedt, trur det er nettopp plasseringa som er ein av grunnane til dei gode tilbakemeldingane. 

- Vår måte å driva bubilplass på er sjeldan. Stort sett er bubilparkeringane ein del av campingplassar eller ved båthamner. Her ligg me for oss sjølve, der gjestene får nytta sjølvbetjente plassar. Dessutan trur eg også at kona og eg som vertskap har litt å bety for den gode responsen. Me besøker gjestene og tar ein drøs med dei så ofte me har tid, gjerne over ein kaffilars og vaffler. Det har blitt mange gode bubuilvener gjennom åra, seier Oddvard. 


Ekteparet Opstvedt er sjølv er ihuga bubilentusiastar. Det var etter fleire bubilturar på norske vegar dei sjølv kom på tanken å etablera bubilplass heime. 

 - Me har hatt bubil sidan 2004, og har ofte funne fine «perler» der me ønskjer å parkera. Likevel har det ikkje vore nokon tradisjon for å ha regulerte stader for nettopp dette i Noreg. Difor tenkte me at her ville me bidra, fortel Opstvedt, som driv bubilplass på sida av å vera IT-leverandør og driva kraftverk. 

I 2009 opna dei ASK Bubilparkering, og sidan har mange av gjestene kome tilbake, år etter år. 

- Bubilgjester frå heile Vestlandet, så vel som Tyskland, Austerrike og Nederland har funne vegen dei siste åra. I fjor hadde me rekordbesøk med 710 bubilar innom, og det har allereie vore fleire innom til nå i år, fortel Oddvar. 

Totalt er det kapasitet til 30 bubilar hjå ASK Bubilparkering som spanderer kvar femte overnatting gratis på gjestene. Bubilane får kopla seg til straum, fylla vatn og tømma avfall. Gratis internett er det også. Og ikkje minst, grillhytte. 

 - Grillhytta på plassen er det Norsk Bobil og Caravan Club avdeling Haugesund som har gitt oss. Den er mykje nytta felles samlingsplass for gjestene våre, fortel Opstvedt.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details