Ny næringshatt

Etnebuen Asbjørn Moe har takka ja til ny jobb i Tysvær, og forlet dermed jobben i Fikse Næringsforening. Moe vil tiltre ny jobb rundt sommartider.


Moe sine nye arbeidsoppgåver er ikkje heilt spikra i stein enno, men han kjem til å jobba som eit bindeledd mellom bedriftene i Tysvær og kommunen. 

- Det er nokre store lokomotiv i kommunen som for eksempel prosessanlegget på Kårstø, Haugaland næringspark på Gismarvik, Aksdal næringspark som eg kjem til å jobbe ein del med. Eg tenkjer det første eg skal gjere i jobben er å ta ein slags «tour» rundt om i næringslivet for å introdusera meg og bli betre kjend med bedriftene i Tysvær.  

Mange likskapar

Den framtidige næringssjefen går nå til Tysvær kommune etter å ha jobba med næringslivet i Vindafjord og Etne i ti år. Han meiner det er mange likskapar mellom korleis næringslivet er mellom kommunane. 

- Det er eit ambisiøst næringsliv og ein ambisiøs kommune som vil noko. Det er eit intrykk eg hadde frå før og som har blitt forsterka gjennom denne tilsetjingsprosessen. Det er det også i Vindafjord og Etne, så eg føler at det er ein del kulturlikskaper mellom oss innante og Tysvær, forklarer Moe før han legg til:

- Eg kjenner næringslivet i Tysvær mest sånn det har blitt framstilt utad. Det er omtrent likt som eg kjenner næringslivet i Karmøy og Haugesund, så der har eg ein jobb å gjera for å bli betre kjend med bedriftene og kva som rører seg. Det ser eg verkeleg fram til. 

Moe har vore med på både smått og stort som dagleg leiar for Fikse Næringsforening. Alt frå etablering av nye bedrifter, utgiving av næringsmagasin til å arrangere møteplassar for bedriftene. Asbjørn meiner det er bra for bedriftene å ha ein næringsforening. 

- Litt av poenget med ein næringsforening er at ein skal vere betre saman enn berre for seg sjølv. Ein av dei beste tiltaka me har er at me har innført gode møteplassar for bedriftene der ein får fagleg påfyll og  ikkje berre lærer av andre, men av kvarandre. Det er nok noko av det som fungerer best og som er kjekt å vere med på, fortel den påtroppande næringssjefen. 

Moe har tre månadars oppseiingstid hjå Fikse Næringsforening. 

Asbjørn Moe starta sin karriere på Fugl Fønix Hotell i Etne. Han jobba der i fire år der tre av dei var som dagleg leiar. Etter dette begynte han som dagleg leiar i Destinasjon Haugesund og Haugalandet, der Moe også vart styremedlem. Han drog så vidare og fekk seg jobb som konsulent i Dreis, før han vendte heim igjen. 

Vemodig

I ti år har Moe vore dagleg leiar i Fikse Næringsforening der han har jobba tett med bedriftene i Vindafjord og Etne. Nå ser han fram til ein ny kvardag. 

- Det blir merkeleg å slutte i Fikse. Nesten vemodig vil eg faktisk sei, men timing på sånt som dette blir jo aldri rett. Eg tenkjer likevel at det blir spennande med noko nytt for min del. Eg gler meg til å komma i gong og blir betre kjend med næringslivet i Tysvær. 

Framtida for Fikse

Det vil bli lyst ut ein stilling som ny dagleg leiar i Fikse Næringsforening, men når dei skal ha den nye personen på plass er ikkje bestemt enno. 

- Me skal ha styremøte neste veke der me skal gå gjennom detaljar som dette. Ein stilling vil bli lyst ut og me skal finne ein flink person som passar til jobben og som kjem til å utføre jobben på ein god måte, forklarer etnebuen. 

Betydd mykje

- Kva har Fikse Næringsforening betydd for deg? 

- Fikse for meg har betydd interessante og lange arbeidsdagar. Det har vore kjekt å få lov til å bli kjend med næringslivet, bedrifter og ikkje minst folka som jobbar i Vindafjord og Etne. Det har enno ikkje vore ein lik dag og det har ikkje vore ein dag utan utfordringar. Det har vore interessant og givande å få vere med på. Det er ein ekstremt spennande jobb for den som blir etterfølgjar, avlsuttar Moe engasjert. 


Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details