Ho er Årets lærling 

Katrin Ylfa Mjallardottir fekk prisen som Årets lærling under NæringsGiv 2017. 

Katrin Ylfa Mjallardottir blei kåra til Årets lærling under næringslivskonferansen på Olalia. Prisen var  ei Bruvik Lady Fjord-klokke. Her er Katrin saman med dagleg leiar i Fikse Næringsutvikling, Asbjørn Moe (t.v)  og styreleiar i Fikse Næringsutvikling Frode Robberstad. 

I grunngjevinga frå juryen heiter det: 

Kandidaten fekk lærekontrakt i Etne kommune hausten 2016 innan barne og ungdomsarbeidarfaget. Ho har sidan august 2016 arbeida ved Enge skule i 1.klasse og i skulefritidsordninga. 

Ho utmerka seg tidleg med stor arbeidskapasitet. Tek ansvar og vert av dei andre tilsette ikkje sett på som lærling, men som «ein av dei». Ho er pliktoppfyllande i forhold til arbeidsoppgåvene sine, ser kva som må gjerast utan å bli det fortalt. 

Godt , stabilt humør og ser elevane og deira behov. Engasjerer seg i og saman med elevane. Lite fråvær og lærte seg fort retningslinjene og spelereglane i arbeidslivet. Har fått medansvar for oppfølging av elev med multi handicap. Ho har etablert framifrå relasjon til eleven og utfører ein flott jobb. Kort sagt ein svært dyktig lærling som likar faget sitt, og heldige er dei som får henne som tilsett etter ferdig læretid.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details