Kvardagsmagi

Forfattar og journalist Anne Gunn Halvorsen vil gjerne vite korleis folk eigentleg har det.


Kanskje ho bestemte seg den natta i november då ho bråvakna og plutseleg kom til å tenkje på at ho hadde heilt gløymt ut å lage julekort. Kanskje det var då ho bestemte seg for at hennar neste bok skulle handle om stress. Om sunt stress. Om dårleg stress. Og om skam. Denne veka starta bokturneen der Anne Gunn har frakta seg sjølv og boka rundt til ni føredrag på fem dagar, i ein liten leigebil. Ein kan bli stressa av mindre.

Ekte eller tullete stress

- Det er skummelt med stress, mange tenkjer at det er deira eigen feil og skammar seg over at dei stressar. Sjølve grunnen den natta i november var jo heilt banal. Og eg tenkte: «så dum eg er som stressar over manglande julekort, det må eg ikkje seie til nokon». Skulle eg fortalt det til nokon måtte eg hatt ein god latter med, men kroppen kjenner skjønar ikkje skilnad på ekte stress og tullete stress. Når du stressar med noko tullete er det som regel noko anna som ligg bak, fortel forfattaren som opphavleg er frå Vikedal, men no busett i Oslo.

Boka Stress - og korleis leve med det

Boka om stress gir oss eit innblikk i vanlege kvardagar, i Anne Gunn sine eigne stress-opplevingar og ikkje minst gir boka oss tips om korleis ein kan takle stress. Foto: Kristin Svanæs-Soot.

Her bur ho saman med mann og to barn. Ho har lang erfaring som journalist og frilansjournalist, og i 2017 kom boka «Livet og korleis leve det», som var ei handbok i å takle sjølve livet. Boka hausta gode kritikkar, ikkje minst for å røre ved noko grunnleggande hjå oss, nemleg korleis vanlege folk kjem seg gjennom dagar, år og eit heilt liv. Til dagleg jobbar Anne Gunn no i redaksjonen til talkshowet Skavlan, der ho finn fram til gode gjester og aktuelle problemstillingar ein kan ta opp.

- Korleis har du det?

Ho har alltid interessert seg for folk og korleis folk lever liva sine. Ho vil gjerne ha svar på spørsmål som : «Kvifor vart du skilt?», «Kvifor er du sliten?» eller «Korleis deler de husarbeidet?».

- Som journalist er ein jo privilegert, ein kan ringe kven ein vil og spørje om kva som helst. Men etter 16 år som journalist synest eg framleis det er mest interessant å vite meir om korleis folk har det i liva sine. Det er jo saker som ofte ikkje kjem på trykk, difor har eg nok brukt boka og litteraturen som eit rom for å få fram dei historiene. Me har meir å lære av korleis naboen lever, enn av hollywood-kjendisen sin kvardag, seier Anne Gunn.

Boka om stress er ei god blanding av reportasjeliknande intervju med folk som har kjent stress på kroppen, eigne opplevingar og gode tips og råd frå ekspertane som veit meir om korleis kroppen reagerer på stress.

- Vår generasjon er jo blitt fortalt at du kan bli alt, og gjere alt. Det er jo sant, men ein kan ikkje gjere alt samstundes. Familien som er på tur kvar søndag, kan ikkje og lage all mat frå botnen av og alltid ha det ryddig. Ein må våge å ta nokre val, slår ho bestemt fast.

Blogg, DN og Skavlan

Gleda over å skrive og kunne publisere noko kom tidleg. Frå jenterommet i Vikedal laga ho blogg og skreiv meiningane sine på nettet. På bloggen presenterte ho stadig nye versjonar av det ho i dag vil kalle sladderspalter, også då var kvardagane rundt henne av stor interesse.

Om det var bra økonomisk med fast jobb, så er det vel så viktig å fylgje draumen.

Så interessante vart dei at ho til slutt måtte stoppe, informasjonen som kom ut vart litt for tett på for bygdefolket rundt henne. Som 14-åring sendte ho eit lesarbrev inn til ungdomsbladet Spirit som storesøstrene hennar hadde hatt med seg heim. Redaktøren tok kontakt og lurte på om ho ville jobbe for dei. Som 19-åring vart ho redaktør for ungdomsbladet. Etterpå har karrieren tatt vegen innom både Dagbladet, Dagens Næringsliv og frilansverda.

- Overgangen frå Dagbladet til Dagens Næringsliv vart vel stor, eg hadde ansvaret i DN for å nå dei unge lesarane, men eg passa ikkje heilt inn i den boksen, den vart for trong for meg. Så etter å ha brukt eit heilt år på drøyme om fast jobb, så sa eg opp jobben. Om det var bra økonomisk med fast jobb, så er det vel så viktig å fylgje draumen.

Anne Gunn Halvorsen kjem til Vikedal

Anne Gunn Halvorsen kjem til Vikedal og Ølen i januar for å snakka om den nye boka si. Foto: Kristin Svanæs-Soot.

Etterpå byrja ein periode på tre år som frilansar. Ho likar å styre sine eigne dagar, og sine eigne oppgåver. Ho trivst med samtaleforma i talkshowet og ser med ro på alt som blir skrive om sjåartal og oppslutning rundt Skavlan.

-Me er framleis det største talkshowet i Norden og sjefane våre er gode på å skjerme oss. Me skal gjere ein god jobb, det er det viktigaste.

Byen fordi

Ho meiner oppveksten i Vikedal har gitt henne mykje gratis. I små bygdesamfunn heiar folk på deg - og foreldra til barndomsvennene sender meldingar og fortel at dei likar det dei les.

- Fram til du flyttar så føler du jo at du er verdas beste på det du held på med. Spelar du fotball i ei bygd er du som regel blant dei 11 beste. Viss eg hadde delteke i VM på ski hadde det kanskje vore visning på storskjerm heime i Vikedal, det skjer ikkje i Oslo om mine barn deltek. 

 Likevel vel ho byliv framfor bygdeliv for sin eigen familie.

- Det er mykje fint i Oslo ein ikkje får på bygda og. Her får dei så mykje, her er mykje å oppleve og mange å vere saman med. Men det er nok på bygda ein blir tøffast, og der ein får utvikle seg best.

8. januar kjem ho til heimbygda med boka si, noko som alltid er kjekt, men også krevjande. Publikummet i Vikedal kjenner ho så godt at ho føler det i magen når ho skal presentere noko for dei. Ikkje fordi dei er kritiske, men fordi alt er så tett. Ho skjønar godt at temaet stress er noko folk flest kan relatere seg til.

- Eg las nett om ein 37-åring som hadde stressa seg til døde. Samfunnet vårt har mange forventningar til oss, me skal prestere så mykje og klare så mykje. Godt stress er berre sunt, når ein spring for å hente i barnehagen blir det aktivert superkrefter i kroppen. Men når alt blir eit kav, tungt og mørkt, då er det ikkje sunt lenger.

- Me har det jo så bra, me burde hatt eit godt utgangspunkt for eit maks chill-liv, men likevel stressar me, for å finne bustad, jobb, for å sjå godt ut, for at barna skal kome seg fram.

Lesing vs. husarbeid

Anne Gunn meiner lista er uendeleg. I hennar eige liv prøver å ho avgrense alt som skal gjerast, og dermed roe det heile litt ned. Viss ho berre klarer det. Når ho skal finne kvilepulsen les ho bøker og ho skriv.

Vår generasjon er jo blitt fortalt at du kan bli alt, og gjere alt. Det er jo sant, men ein kan ikkje gjere alt samstundes.

- Eg har innført ein regel for meg sjølv, at det er lov å bruke pengar på bøker. Nye bøker kostar pengar, men eg vil lese dei, eg vil fylgje med på det andre les. Då må eg setje av litt i budsjettet.

- Men all denne lesinga betyr jo at eg ikkje er så god på husarbeid. Eg har tenkte mange gonger i det siste at eg skulle lagt presenning på ute-møblane til dømes, eg har likevel ikkje gjort det. Men det stressar meg ikkje.

Likar du óg å lesa om folk? Her kan du lesa fleire portrett og saker om det som rører seg i og rundt Medvind24.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details