- Hadde aldri vore mogleg utan næringslivet

Til saman har lokalt næringsliv bidratt med meir enn to millionar kroner til den nye aktivitetsparken i Ølen. I oktober neste år vil ny møteplass, aktivitetsområde, kulturarena og severdighet stå klar, i ein og same park.


Ei rekkje bedrifter har gjort det mogleg å realisera den komande aktivitetsparken i Ølen. Meir enn to millionar kroner frå både større og mindre aktørar i det lokale næringslivet har gjort parken mogleg: JHL, Berge Sag, Arriva, Kjøttfestivalen, Haugesund Sparebank, Haugaland Kjøleservice og VAF står bak store delar av potten. 

Sparebankstiftelsen SR-Bank, som har støtta fleire lokale prosjekt i Vindafjord dei siste åra, går inn med 500 000 kroner. Parken blir dermed eit av dei største prosjekta stiftelsen har bidratt til, fortel gave- og kommunikasjonssjef Ellen Instefjord i Sparebankstiftelsen SR-bank, 

- Friluftsliv, samfunnsikkerhet, oppvekstmiljø og gode møteplassar for alle aldersgrupper er fokusområde for prosjekta me prioriterer støtte til. Aktivitetsparken i Ølen er eit viktig bidrag for lokalsamfunnet på alle desse punkta. I tillegg vil dette prosjektet ha eit svært viktig folkehelseaspekt, seier Instefjord. 

- Utan dei frivillige motorane bak og støtta frå næringslivet hadde me nok aldri fått til noko liknande som denne parken, seier ordførar Ole Johan Vierdal. Nyleg gav Sparebankstiftelsen 1 SR-bank ein halv million kroner til prosjektet. Frå venstre: samfunnsutviklar i Vindafjord kommune Erik Baust, ordørar Ole Johan Vierdal , gave- og kommunikasjonssjef Ellen Instefjord i Sparebankstiftelsen SR-bank og Magne Christiansen, ein av initiativtakarane bak parkprosjektet. 

 Forankra i dei frivillige

- Me ønskjer å oppretthalda det frivillige arbeidet lokalmiljøa der me har bankar. Frivillige, lag og organisasjonar bidrar til å skapa mykje aktivitet for alle aldersgrupper, noko nettopp dette prosjektet er eit svært godt døme på, seier Instefjord. 

Dei frivillige initiativtakarane bak prosjektet var tidleg i dialog med privat næringsliv for å får den økonomiske ramma på plass, og har også basert store delar av prosjektet på dugnadsarbeid. 

Ordførar Ole Johan Vierdal meiner det ikkje hadde vore mogleg å realisera eit så ambisiøst prosjekt om det ikkje hadde vore for nettopp dei frivillige og næringslivet. 

- Nå kommunen får eit ferdig opplegg som dette, forankra i dei frivillige og næringslivet, er det berre for godt til å ikkje vera med på. Verken kommune eller politikarar kunne seia nei til dette prosjektet, særleg ikkje når primus motorane har gjort eit så godt forarbeid, seier Vierdal. 

Lågterskeltilbod 

Parken vil tilby fasilitetar, banar og bygg for blant anna skating, crossfit, volleyball, paddle, og ei rekkje andre aktivitetar. I tillegg kjem strandområde med brygge og stupebrett, overbygg med ladestasjonar og Wifi og piazza. 

Med andre ord vil parken vera ein svært allsidig arena og eit lågterskeltilbod for alle aldersgrupper. Bygd midt i sentrum og i forlenginga av det nye kulturhuset og med Ølen Vidaregåande skule som nær nabo vil parken vera lett tilgjengeleg for ei stor gruppe brukarar på både dag- og kveldstid. 

- Med universell utforming vil parken vera tilrettelagt for besøkande uavhengig av funksjonsevne. Dette skal vera ein regional møteplass for alle, seier Magne Christiansen, ein av initiativtakarane bak prosjektet. 

Ein såpass omfattande og allsidig park blir eit unikt innslag i ein bygdekommune som Vindafjord, meiner samfunnsutviklar Erik Baust. 

- Parken vil vera eit urbaniseringselement i eit tradisjonelt bygdesamfunn, og blir ein viktig arena for integreringa av nye innbyggjarar i kommunen. Svært mange tilflyttarar i kommunen er vande med å bruka det offentlege rom meir enn det er tilrettelagt for her i dag, meiner Baust. 

Kulturpreg 

Arbeidet med aktivitetsparken skal etter planen starta denne hausten, og skal opnast samstundes med det nye kultur- og læringssenteret i oktober 2018. 

Kommunen har nå engasjert arkitekten bak det nye kultur- og læringssenteret til å vera med å utforma anbodsdokumenta, slik at park og det nye kultur- og læringssenteret får eit heilskapleg uttrykk. . Aktivitetsparken skal ikkje berre vera ein utandørs møteplass med arenaer både for fysisk aktivitet og sosialt samvær, men også ein severdighet med eit kultur- og kunstpreg. 

- Folk skal ønska å «svinga nedom» for å sjå på parken. Difor vil me vil ha eit arkitektonisk uttrykk på parken som knyt det saman med utsjånaden på kulturhuset, seier Baust.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details