60 kilo peparkakedeig er blitt mini-bygd
Årets mest smakfulle julebygd har opna. Vel møtt til peparkakebygda 2016!
Tekst: Kari Aakra/Foto: Madeleine Matre
Publisert: 24. november 2016
Torsdag 24. november er det offisiell opning av peparkakebygda på Ølen Senter.
- Om lag 30 bidrag er komne inn så langt og me er imponert over både detaljrikdomen, kreativiteten og spennet av byggverk. Her har folk verkeleg lagt sjela si ned i solid peparkakekunst, seier peparkakegeneral Merete Vårvik Matre.
Sparebank 1 SR Bank sponsa alle peparkakekunstnarar med gratis peparkakedeig i år, og 60 kilo deig frå banken har dei siste vekene tatt form. Truleg er det også gått med eit titals kilo melis, nonstop og seigmenn i prosessen.
...og her kan du sjå resultatet: