17. mai tale 2017


Foto: Privat

Først av alt så vil eg få gratulera alle her så møkje med dagen! Som dei observante kanskje allereie har merka, så er eg verken mann, FrPpolitikar eller lyde navnet Terje Halleland. Terje måtte dessverre melda avbud i siste liten, då han pga dødsfall i nær familie ikkje kunne delta her i dag. Då åpna det seg jo ein gyllen «mulighet» som eg meir elle mindre ufrivillig havna oppi  Eg e jo strengt tatt med i årets 17. mai komite og hadde fått i oppgåve å fikse hovedtaler. Jaja, det e kje kvart år hovedtaleren og e i ryddekomiteen ;-) 

Mitt namn e altså Merete Vårvik Matre. Det e snart 3 år siden eg flytta him te Ølen med mann og barn etter 10 år i Stavanger, og snart eit år siden eg blei ansatt i Medvind Næringshage. Det er spesielt ein ting som er aldeles forskjellig frå arbeidslivet i Stavanger. Og det er folk sitt behov for å plassera deg. Ja, altså reint genetisk. I alle slags settinger, frå styremøter til gangprat, til lunsjsamtaler. D e ett spørsmål som går igjen - «kim e far din». Videre har eg fått oppfølgingsspørsmål på «kim av Matreane e d du e gift med då?» og «kim e far hans?» Så berre for å kjapt plassera meg sjølv på kartet så kan eg fortella at far min e Magne Inge Vårvik frå Sandeid. Og ja, d e han som e i kommunen. Og ja, eg e stort sett lykkeligt gift med Steinar Matre, ja altså - sonen te Øystein Matre. Sånn – der va det avklart. 

Ein liten funfact her – på denna dagen for 17 år siden stod eg faktisk på denna samme talerstolen. I ein fuktige røde, russadress, med tendenser te whiskey-stemme og litt småsliten form etter ein festlige mai måned. Eg må jo sei at det føles heilt greit å gjer dette igjen med litt fleire timers søvn på auga og med adskillig bedre kroppsodør ;-) Den gången snakka eg om kor liten verden var iferd med å bli og kossen digitalisering knytta oss tettare samen. Eg kan med sikkerhet sei at eg ikkje ante omfanget digitalisering sko få dei neste 17 årå til der me e i dag. 

Men – nok om meg. Ny tale, nye muligheter  Det er møkje ein kan snakka om i dag. Og kanskje spesielt med tanke på uroligheter og usikkerhet rundt om i verden. Flyktningsstrømninger, høyrekstremisme, terrorisme og trusler mot vestlig verden og ikkje minst demokratiet. Eg kunne snakt om at det er 203 år siden Eidsvoll og etablering av grunnloven vår. Eller om ytringsfrihet og viktigheten av det. Om vårt flotte land og nasjonalromantiske forfattere og låtskrivere. Eg kunne og snakka om kor flott det er at me i dette landet har fått ei ekteskapslov og vigselsliturgi for likekjønna. Men eg vil heller dra fokuset heilt him. Him te det næra. Him te Ølen. 

Mången av dåkken i salen her i dag var her kanskje i fjor då Henning Aarekol holdt sin 17. mai tale. Han snakka møkje om «nåken». I dei velbrukte settingane der me så lett kan sei: Ja, det må nåken ta tak i. Ja, det sko nåken hatt gjort. Han snakka om ansvarliggjøring og kor viktig det var at alle og einkvar var på ballen og tok sitt ansvar for å skapa et levande, sterkt og empatisk bygdesamfunn. Men vett dåkken – dei siste 3 årå har eg truffe på jysla mången nåken. Nettopp her i Ølen og bygdene rundt oss. Ska kje legga skjul på at di «gamle mytane» sa at i Ølen fins d ikkje dugnadsånd. D må du te Vågen for å finna. Men det bildet som har møtt meg e ganske annerledes. Eg oppleve at her fins det virkelig nåken som tar tak. 

Nåken av dei sitte i Ølen Grendautvalg og kan visa te både oppshining av bussholdeplass i Ølen sentrum, og ikkje minst store, spennande prosjekter på gang med opplyst turløype langs Osaelva og ein stor aktivitetspark rett utenfor her med både lekeapparater, badestrand og ulike aktiviteter. 

Nåken (ganske mange faktisk) – er engasjert i Ølen IL. Enten som trenar, lagledar, styreverv, vaffelsteikar, snømakar, lyspæreskiftar og møkje møkje meir. Og takka væra nåken med møkje trøkk og hårete mål har Ølen IL et flunka nytt klubbhus som har gitt klubben, stadion og anlegget et skikkeligt løft. 

I tillegg har nåken smarte håver tenkt ut at Bruktbu og Pantebu kan vær gode inntektskilder for idrettslag og kyrkjetun. Nåke som igjen har ført te at spelerar og foreldre i Ølen IL kan sleppa unna med ein heil del mindre dugnadstimer enn i andre idrettslag. 

Nåken andre går i fjellå og sørge for at turveiane e merka og klare te Ut på tur i Vindafjord og te selfie-geitene komme springande på våren. 

Nåken har tilbringt time itte time på kulturhuset for å sørga for at bygdå har en scene og samlingsplass. Og heldigvis har nåken galningar i Himkok både vilje og talent til å fylla scene og sal med latter og show. 

Og nåken med sans for historie har i ei årrekke sørga for å holda liv og oppgradere Krambumuseet i Ølen sentrum. 

Og visste dåkken at 35 «nåken» e tilknytta Frivillighetssentralen? Dei bidrar med oppgåver som telefonkontakt, turvenn, besøksvenn, snømåking, hagestell, handling, leksehjelp, reservebesteforeldre/barnevakt og mykje, mykje meir. Nei, her klare eg ikkje å dy meg. Må berre slå et slag for denna! Frivillighetssentralen treng stadig vekk både fleire frivillige og ikkje minst oppdrag. Sjekk ut nettsidene: www.vindafjord.frivilligsentral.no 

Nåken har sørga for å få oppgradert den gamle postveien til Etne og gitt bygdå og andre et flott, lavterskel turtilbud. 

I Ølensjøen FUS Barnehage har nåken sørga for at det er kjøpt inn ein minibuss som kan frakte sjølva framtidå te Ølen rundtom på turer og nye eventyr i nærområdet vårt. 

I fleire velforeninger rundt i bygdå står nåken på for å få på plass gode lekeplasser og møteplasser for små, håpefulle Ølensbuer med småslitne småbarnsforeldre på slep. 

Nåken har gitt Sjoardagen et skikkeligt løft og kunne i fjor by på et fullspekka program med debatt, auksjon, leikar, dans og møkje meir. 

Og det kan av og til bjynna tidligt. Ein skikkelig ung «Nåken» har dratt i gang motbakkeløpet «Roatoppen Opp» - som kan skilta med ei deltakerliste med alt frå den ølenske mosjonist til representanter frå Norgestoppen i motbakkeløp. 

I lokalet her, på kjøkkenet og rundtom består ein 17. mai komite av ein haug med nåken som sørge for at 17. mai feiringå forløpe nåkenlunde i fryd og gammen. 

I tillegg skjer det møkje positive, store prosjekter i offentlig regi her i Ølen med byggestart i 2017 og 2018. Ikkje minst tilbygget til kulturhuset her som skal huse bibliotek, musikkskule og vaksenopplæring. Og som alle ser så er det definitivt byggestart på gang der. Gangveien mellom Ølen og Ølensvåg står omsider på trappene og Statens Vegvesen er trygt plassert med kontorer i Medvind Næringshage for å vær tett på prosjektet. Uten å vær sikker på kor lenge det prosjektet har vært aktuelt så såg eg det blei nevnt i innslaget «Ølen har tiltak» på Nrk – frå 1983 ;-) Videre har me jo et flott nybygg for brann, ambulanse og legesenter på gang rett oppi veien her, med planlagt byggestart i 2017. 

Ølen Videregående Skule framstår nå som nyoppussa og med rekordmange søkere frå høsten av. Og ikkje minst er dei klare for utbygging og utviding i 2018. Desse siste prosjekta kan me takka både kommune og fylkeskommune for. Og sjølsagt det faktum at me har privilegiumet av å vær bosatt i kommunesenteret i Vindafjord. Men ift veldig møkje av det som har skjedd og ikkje minst skal skje – så har nåken sørga for å få det på agendaen, på blokkå og ut i realiteten. 

Nå e det heilt sikkert nåken eg har glømt å nevna, og nåken som garantert hadde fortjent både oppmerksomhet, heder og ære. Men eg håpe dåkken sitte og kjenne litt på det sjøl at dåkken e nåken! 

Eg sjølv e trenar for J12 i Ølen. Ein himla positive gjeng med betre humør og samhold enn nødvendigvis resultater. Då sesongen var slutt i fjor hadde me ei samling på JoaKari samen med J11. Då troppa det nåken foreldre opp med blomst og godsaker til oss trenerne som takk for innsatsen, og det som kanskje betydde mest av alt var at nåken hadde tatt seg bryet med å skriva ei fin helsing der dei takka fint for alle timane me brukte på ungane deiras ila året. Og av og te, det at nåken ser og verdsette innsatsen – det kan faktisk gjer heile forskjellen. 

Men for å oppsummera meg sjølv så må eg sei at eg syns me klare oss jysla godt. Med tiltakslyst, initiativ, lagånd og littegrann medvind i ryggen, så får me te møkje, både nåken og einkvar. 

Nå e det best å runda av før eg blir både sentimal og ikkje minst langdryg. Det e jo rett før eg blir frista til å dra på med litt «Let’s make Ølen great again». 

Tusen takk for oppmerksomheten og tusen takk for meg. ‘ Ha ei fortsatt strålande 17. mai feiring!

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details