150 dugnadssjeler klar for Roots-innrykk

1600 personar gjesta Sommarfestivalen, og nå håpar Roots-arrangørane på nærare 3000 besøkande til helga. Slikt innrykk krev sitt av frivilligheita, og igjen mobiliserer festivalapparatet i Vikedal til dugnad.


 Med snille værmeldingar og Hellbillies som største trekkplaster fredag kveld, trur festivalleiar Jarle Nes at Rootsefestivalen kan komma til å trekkja nærare 3000 festivalgjester til helga. 

 - Dersom me har sola med oss kan det bli full klaff. Me hadde 2500 besøkande i fjor, og me skal vera svært godt nøgde om me klarer det i år også, seier Nes. 

I fjor nedskalerte Rootsfestivalen. Arrangementet blei flytta frå sirkustelt på idrettsplassen til båthamna, og budsjettet betrakteleg redusert. Likevel er det eit betydeleg tal dugnadstimar som blir lagt ned for å avvikla arrangementet, og meir enn 150 vakter står klar til helga. 

- Me har  hjelpt til stort sett kvart einaste år sidan Rootsen starta, og tykkjer berre det er kjekt å kunna bidra, fortel Siw Elena Eide Seldal (t.v) og Inger Opsal (t.h). Saman med Kajsa Eide Seldal er det teltdekorasjonar som står på dagsorden for denne dugnadsgjengen Roots-torsdagen. 

- Det går i bølgedalar, men folk er stort sett veldig positive til å bidra. Det er klart at det er mange som tar på seg ein god del med to festivalar på kort tid, og det er alltid nokon som vel å ta ein dugnadspause frå tid til annan. Men i det store og heile er bygdefolket flinke til å stilla opp. Her har me frivillige i alle aldrar som tar kontakt for å gjera ein jobb for festivalen og bygda. Me hadde aldri klart oss utan, seier Nes. 

I løpet av to juli-helger toppar folketalet seg i Vikedal med besøkande frå heile Vestlandet til både Sommar- og Rootsfestival. Med både dag- og kveldsarrangement, rigging, rydding, logistikk, matlaging og planlegging, krev dei to festivalane over 250  dugnadsvakter til om lag 1900 dugnadstimar. 

- Me er heilt avhengige av at folk stiller til dugnad for oss, og me er utruleg heldige som har så mykje bygdefolk som ønskjer å vera så engasjerte i festivalane våre, seier Anja Våg Skjold, leiar for Sommarfestivalen, som 7. - 9. juli var vertskap for nærare 1600 besøkande. Om lag 100 friviljuge måtte til for å avvikla den 20. Sommarfestivalen i rekka. 

Dugnadshjelpa er ikkje berre lokal. Marius Pedersen (t.v) frå Haugesund har vore fast bidragsytar på dugnadssida for Rootsfestivalen i fleire år. I år har han også fått med seg Sander Skeie frå Sveio. -  Me har jobba med rigginga sidan måndag, og reknar med det blir nok å gjera til me er ferdige med nedrigginga søndag kveld, seier Pedersen. 

Og mange av dei same står klar til ny festival-innsats denne helga. Samstundes som dugnadsfolket står parat, er også næringslivet ein viktig lagspelar for Rootsen. I tillegg til tilskot frå kommunen og kulturrådet, er det eit breitt næringsliv i distriktet som bidrar økonomisk.

- Me har mange viktige sponsorar som har bidrege kvart einaste år. Samstundes er det fleire lokale bedrifter som trør til med tenester og produkt som er til stor hjelp for både rigging og i gjennomføringa, seier Nes. 

Det er tydeleg at festivalane betyr mykje for dei som bur her, og difor er det viktig å visa at arrangørane gir noko tilbake også, poengterer Skjold. 

- Sommarfestivalen blir arrangert av Bygdahuset. Inntekta frå Sommarfestivalen har gjort det mogleg for Bygdahuset å byggja idrettshall og kunstgrasbane. Det at festivalane gir noko tilbake til bygda er ein nøkkelfaktor til at så mange er positive til å bidra, påpeikar ho..

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details