10 på topp for Vindafjord og Etne

Ein liten måndagssquiz… Veit du kva det vanlegaste etternamnet i Vindafjord og Etne er?


Må du tenkja deg om? Det måtte deltakarlaga i «Ei Heiso Reis» også då dei laurdag fekk dette som eit av quiz-spørsmåla. Fasiten finn du seinare i saka, og den er også interessant for ein som forskar og jobbar med namn. 

Hos Statistisk sentralbyrå (SSB) kan du finna svar på det meste sjølv. Til dømes mest populære fornamn. Men etternamn er det ingen tilgjengeleg statistikk for, så Medvind24 tok kontakt med SSB sin store namneguru, Jørgen Ouren. 

Fekk seg ei overrasking

- Etternamn slik vi kjenner dei vart til i løpet av 1900-talet. Då namnelova kom i 1923, hadde praktisk tala alle eit arveleg etternamn. Sen-namn, som Olsen, Hansen og Nilsen, var då mest brukt i byane, medan folk på landet hadde namn etter garden dei budde på eller kom frå. Så er det flyttemønsteret etter det som speglar dagens namneskikk, seier Ouren. 

Både Vindafjord og Etne er typiske landbrukskommunar, men har og tunge innslag av industri og næring som krev spesiell kunnskap. Då er det naturleg å tenkja at det er ein del innflyttarar, særleg i Vindafjord, og tatt med seg både -sen-namn og andre namn. Men her fekk Ouren seg ei overrasking då han laga 10 på topp-listene for Vindafjord og Etne. 

- Dette er veldig interessante tabellar. Det er ingen -sen-namn der. I typiske industrikommunar som for eksempel Odda og Høyanger, er det mykje tilflytting og dermed mange -sen-namn, seier Ouren. 

Om du har gjetta rett finn du ut her: 
Vindafjord: 

1. Berge (133) 

2. Nesheim (77) 

2. Haraldseid (77) 

4. Vestbø (71) 

4. Stople (71) 

6. Skjold (62) 

7. Nordtveit (62) 

8. Lunde (60) 

9. Eikeland (57) 

10. Heggebø (56) 

Etne: 

1. Grindheim (97) 

2. Sævareid (94) 

3. Sørheim (51) 

4. Grønstad (40) 

5. Moe (39) 

5. Kringebotten (39) 

7. Kaldheim (37) 

7. Håland (37) 

7. Haugen (37) 

10. Åsheim (36) 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details