LED+VAF-programmet, som er eit samarbeid mellom Vindafjord Arbeidsgiverforum (VAF) og konsulentselskapet Human, inviterer nå tidlegare deltakarar til nye samlingar frå hausten. LED+ Alumni er eit nettverk og møteplass for leiarar i Etne og Vindafjord som ønskjer å møtast etter kurset er slutt.
– Spørsmålet etter kvart LED-program, er ofte «er det noko meir?» Derfor bestemte me oss for å testa ut eit alumninettverk, for å kunna fortsetja å få input på leiarskap, seier Geir Haraldseid.
Han er partnar i Human, som driv med leiar- og organisasjonsutvikling og rekruttering. LED+-programmet er midt i kjernen til deira visjon om å gjera næringslivet betre.
LED+ Alumni
- Nettverk for tidlegare deltakarar på leiarutviklingsprogammet LED+.
- Medlemsbedrifter i VAF og målbedrifter i Medvind Næringshage betalar 40 prosent av vanleg eigenandel.
- Bedrifter i Etne som er medlem i Fikse Næringsforening, betalar 90 prosent eigenandel av kurskostnaden.
- Løpande påmelding fram til kursstart, bindande frå 10. august: https://www.arbeidsgiverforum.no/Kursplan/led-alumni-4
- I haust arrangerer Human LED-seminar for alle tidlegare deltakarar i LED+ på heile Vestlandet. Seminaret er inkludert for alle som deltar i VAFs LED+ Alumni-nettverk.
– Felles forståing for leiing
I løpet av dei tre samlingane frå hausten, blir det både repetisjon av innhald frå LED+-programmet, ny kunnskap om leiing og meir nettverksbygging. Det sosiale er også viktig, fortel Haraldseid. Han ser fram til å starta opp LED+ Alumni igjen.
– Mange av leiarane i Etne og Vindafjord har gått på LED+. Derfor har dei eit felles språk og felles forståing for leiing som fag. Det å treffa andre leiarar med felles referanseramme viser seg å vera veldig nyttig, seier Haraldseid.
– Fagleg og verdimessig viktig
I løpet av sjølve leiarutviklingsprogrammet LED+, har leiarar i Etne og Vindafjord fått ny kunnskap om blant anna psykologisk tryggleik, sjølvinnsikt og korleis byggja team.
Å hjelpa menneske og organisasjonar til å finna og utvikla potensialet sitt, kan vera avgjerande.
– Me ser at det er fagleg og verdimessig viktig for leiarar, seier Haraldseid.
– Leiarar har makt og innflytelse. Folk får det betre når leiarar får det betre. Gode leiarar er lønnsamt, seier Haraldseid.
Leiarar er viktige for å halda på kompetanse
Haraldseid trekk fram leiaren si viktige rolle for å halda på kompetanse. Refleksjon er viktig gjennom heile LED+-konseptet, fortel Haraldseid.
– Det heiter seg at folk seier opp leiaren sin og ikkje jobben. Å behalda og utvikla kompetanse er avgjerande for ei bedrift, og leiarar essensielle i det. Det er viktig å kunna handtera seg sjølv og handtera andre. Det kan bidra til å nå vekstpotensialet, seier Haraldseid.
Han ser at mange bedrifter i Etne og Vindafjord både nyttar tilbodet og investerer i eigne leiarar.
– Og me møter veldig mange flinke leiarar her i regionen, det er viktig å få med. Det er imponerande kva ein har fått til, at bedriftene veks og har blitt store organisasjonar, seier Haraldseid.